mandag, mars 02, 2009

Vår i lufta?


Sidan vi har begynt på første vår-månaden, tek eg til å sjå etter vår-teikn både inne og ute.Det første vår-teiknet her i nummer 7, er at Nils har flytta ut i garasjen, der han står og egner liner.Ser de godt etter på verbildet øvst på bloggen, vil de skimte ein spegelblank fjord. No har han leigd seg plass i småbåthamna på Rjåneset, då blir det kortare veg ut til fiskeplassane, og kortare veg å bere både fisk og vegn opp til bilen enn der han var før. Eg har alt begynt å gle meg på fersk fisk, sjølv om båten framleis står på tunet.
Eg har laga ein porsjon grove rundstykke som vi skal ete av til lunsj,elles har eg stelt litt med potteplantane.
Pelargoniaen på bildet fekk eg av Solveig sist fredag då dei var innom ein tur.Eg plar ikkje alltid vere like heldig med denne sorten, vi har det nok litt for varmt.Ha ei god veke!

2 kommentarer:

solveig sa...

Han er i alle fall finare no enn då du fekk han!

Hildegard sa...

Kjekt at fiskaren er i gong igjen. Tomt i vår frysar også. Har kjøpt fersk torsk (skrei) eit par gonger og det kostar "flesk". Vi har fast fiskedag tysdagane for dei av barnebarna som vil - etter skulen. Dessverre er det berre jentene som stiller opp foreløpig. Konfirmanten seier ho sit siste timen og gledar seg! Kjekt med ferske potteplantar også, har kjøpt påskekaktus og begonia til oldemor, noko som kvikkar opp i kvardagen. Eidabesta

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...