onsdag, mars 04, 2009

Bok nummer 15.


Margaret Lea er ei ung dame som arbeider i farens bokhandel, nærmast ei antikvariat. Tankane går straks til Vindens skygge.Ho les dei gamle bøkene Jane Eyre, Stormfulle høyder og andre klassikarar om att og om att og lever stort sett i "bøkenes verden". Ein dag blir ho spurt om å skrive biografien til ein populær forfattar, og begynner å lese bøkene hennar. ...........
Då eg var komen så langt i boka, måtte eg berre Google den, noko eg sjeldan gjer før eg er ferdig med ei bok.Eg kom fram på ei side med svært positive kritikkar, og bestemte meg for å lese vidare. Sjå her.

Det blir til at Margaret seier seg villig til å skrive livshistoria, og ho vel ei form som sterkt minner om den gamle tradisjonen.
De kan lese meir om boka på nettet, eg er ingen litteraturkritikar, så eg kan berre skrive mi eiga meining.Er tykte boka var til dels langdryg i periodar, andre tider spennande, men den vart litt for mykje av det gode.Likevel greidde eg knapt å legge den frå meg!(?)

Boka er også ein metaroman sidan den handlar mykje om det å skrive ei forteljing. Les gjerne denne boka. Den er til tider ein verkelig "page-turner".

7 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser at denne også truleg vert filma!!!

Besta sa...

Ja, eg meiner det stod ein stad at den var/skulle filmast? Dramatikk nok!!! i alle fall.Ser at forfattaren er litteraturkunnig, så alle likskapar med dei gamle klassikarane er langt frå tilfeldig.

Anonym sa...

Jeg likte denne veldig godt, men kan tenke meg at den til tider ikke egner seg som lydbok.
W

Anonym sa...

Kjekt å lese bloggen din, eg er inne ofte og kikkar! Likar godt bokpratane dine. Du har peiling!!
Helsing Inger/ Hordaland

Besta sa...

Den som les lydboka, tolkar på samme tid. Og eg merka meg at ho som las denne,gjorde den litt meir sentimental enn det som var nødvendig.Elles synest eg det er interessant at ei dame i vår tid, skriv i den gamle tradisjonen.

Janne sa...

Eg likte også denne boka,men må innrømme at eg var litt skuffa over siste delen. Meiner at der var "håp" om meir handling enn det som kom, om ein kan formulere seg slik. Uansett så erfarte eg og at det var vanskeleg å legge vekk boka, så den er nok litt fengande ja! Filmen har eg lyst til å sjå!

Besta sa...

Er enig med Janne i at slutten var litt laber.Lurte på om ho hadde "skrive seg fast" og måtte ty til nødløysingar.

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...