torsdag, februar 26, 2009

Tyrkia 1995.











I haust-ferien dette året var vi på ferie i Tyrkia.Det er den finaste ferien vi har hatt nokon gong. Ikkje berre var veret varmt og deilig, Middelhavet salt og godt temperert, men vi opplevde mykje på denne veka som vi aldri vil gløyme.Vi heldt til på hotellet Pasha Bay utanfor byen Alanya, eit luksushotell samanlikna med korleis lokalbefolkninga budde.
Mange av mennene som arbeidde på butikkar og restaurantar snakka godt engelsk og ville veldig gjerne prate med meg.Og det dei helst ville snakke om, var landet sitt; styresett, økonomi og utvikling.Målet var å bli som landa i vest;dei var på veg, men ikkje i mål.Ein som selde vesker inne i byen, ville at eg skulle komme igjen og prate meir, så neste dag heldt eg han med selskap mens han åt lunsjen sin i butikken.Eg må vel legge til at Nils ikkje var langt unna.......
Kvinnene såg vi nesten ikkje, dei jobba mest i "usynlege" jobbar. Det som slo oss var den store kontrasten mellom fattige og rike. Kom vi litt utanfor hotellområdet, var det som å kome mange tiår tilbake i tid.Maten laga dei over open eld på gardsplassen, og gamle krokrygga kjerringar bar store vedbører på ryggen. Vi vart også invitert inn til eit ungt par som budde på eit rom på ca 4x4 meter.Dette var noko av det vi såg og erfarte på ei lita veke, men elles veit eg lite om landet og folket.Ingen ting om kunst,kultur og anna som dei sikkert har som andre land.
Og kvifor skriv eg om dette no???
Det er fordi eg for første gong i mitt liv les ein tyrkisk roman, noko som eg synest er veldig interessant. Skal skrive meir om denne boka når eg har lese den ut.Dette var berre litt bakgrunnsstoff.

3 kommentarer:

solveig sa...

Er det verkeleg så lenge sidan!! Eg hugsar de var innom her på tilbaketuren?

Besta sa...

Ja, somme gonger får ein nesten sjokk når ein ser tilbake i album og dagbøker. Eg hugsar også at vi var innom Hareid, kom med fly til Vernes tidleg om morgonen.

Hildegard sa...

Hugsar du fortalde at de vart bedne inn i huset til ei kone og påspandert mat?
Eidabesta

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...