mandag, februar 09, 2009

Morsdagsgåver.




I går kom Solveig innom som snarast fordi ho køyrde Einar til Volda. Då fekk eg det deilige mjuke sjalet i gåve.Har gått med det i heile dag, sidan det gjer godt for ein "stiv nakke".

I dag kom Margrete med ein vakker hortensia, ho venta her mens Ingeborg var på ballett. Bildet av dei to gåvene vart ikkje så vellykka; blomsten er finare i verkligheita. Men korleis får ein hortensiaen til å vare lenge? Eg veit at han må få vatn, men eg klarer aldri å halde liv i dei så lenge som eg vil, så viss nokon har eit tips.........

8 kommentarer:

solveig sa...

Dei likar å ha det kjølig....
Eg satsar på å halde liv i min til våren og gje han eit nytt liv ute.
Denne vil eg prøve å ha i potte. Så får vi sjå.

STRIKKEMOR(O) sa...

Så fine gåver! No fekk eg litt dårleg samvit med tanke på Bodilla!

arieldog sa...

Di gåvene var lite fotogene, må eg seie - begge var langt finare "live"!

Besta sa...

Det kan no vere fotografen det er noko i vegen med. Det gikk særleg ut over blomsten.Kan ta nytt bilde om eit par dagar, så få de samtidig sjå korleis det går med den.

Hildegard sa...

Kjekt å få besøk av døtrene åleine av og til, ikkje sant? Når det gjeld Strikkemor med dårleg samvit, skal ho ikkje ha det. Eg har fått 4 herlege stikkasjal med henne (det eine har mor fått låne). Godt med noko varmt på skuldrane - også når ein sit i godstolen!
Eidabesta

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Beklager, trykte dobbelt på kommentaren, derfor slettemelding. Ser eg har feil klokkeslett også, må få hjelp til å endre klokka på bloggen, har panikk for å gjere noko gale! Eidabesta

Besta sa...

Eg prøvde å rette klokka på bloggen min, men den viser framleis heilt feil tid. Eg trykker ofte ein gong til når eg synest det går treigt, då kjem innlegget to gonger, så dette "problemet" er du ikkje åleine om.
Klart det er kjekt å få besøk av døtrene både åleine og elles,vi har ikkje hatt så mykje besøk etter jul,dei har mykje å styre med, så det er forståelig.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...