torsdag, februar 12, 2009

Bok nummer 10.

Sommaren 2001 reiste Nils og eg rundt på Øland ein heil dag og såg oss om, særleg på den nordlege delen, heilt sør kom vi ikkje.Vi hadde sjølvsagt tenkt å overnatte, men på grunn av ei "linedance-samling" var det uråd å få nattelosji.Har så ofte tenkt at eg gjene skulle ha vore tilbake på denne vakre øya, der Ulf Lundell skreiv songen sin om "øppna landskap"- for det er dette landskapet eg likar beste av alt.TO bilde tok vi på øya; av fyrtårnet Långe Erik lengst nord på øya og eitt frå største byen, Borgholm.Der dei for øvrig hadde verdens beste pizza.

Men no fekk eg gjennom boka eg nettopp har lese ut ein tur tilbake.Såg ikkje at det var krim då eg lånte den, men det var det altså.Boka kan minne mykje om dei islandske krim-bøkene eg har skrive om før: ei gammal sak blir teken opp att og løyst.Det er vel det som på TV blir kalla "kalde spor". Men i tillegg til det kriminelle får vi kjennskap til Ølands natur og historie, og sjølv om eg har vore der berre ein dag,kjende eg meg att.
Eg likte boka godt






4 kommentarer:

solveig sa...

Dit fekk eg lyst!
Elles er det lett å "bli lurt" m.o.t. krim. Ei stund var krimbøkene raude. No er også nokre av dei beige krim.

Besta sa...

Det med fargane er ein ting.Og så plar det stå tydelig KRIM på ryggen av boka. Her kan du sjå at ordet står med små bokstavar på framsida.Mange reiser til Øland for å sjå på alle dei ville blomstrane,t.d.naboane våre.Det blir satsa mykje på turisme der no.Ingen kunst å komme seg dit,bru frå Kalmar.Du får google og sjå om det fristar!

Hildegard sa...

Kjekt med gode minner. Eg har også sansen for ope landskap, når det lid mot påske, lengtar eg til havs i staden for til fjellet. Har vel høyrt at det skal vere fint å ha sykkelferie på denne øya.
Eidabesta

Besta sa...

Påske ved havet er topp, berre ein er heldige med veret. Mange påsker har vi reist til Solund for å oppleve våren-i staden for å forlenge vinteren på fjellet.Fekk berre SÅ lyst til Øland igjen etter at eg las denne boka!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...