mandag, februar 02, 2009

Sol over Melshornet.


I dag var sola vekke i berre 10 min.på ferda over Hornet, så om det blir sol i morgon, har vi den heile dagen.Kva vi nyttar fineveret til, kan de kanskje lure på? Jau, no fekk eg/vi vaska ferdig stoveveggene og pussa vindua.Sidan Nils ikkje var heilt nøgd med den jobben han gjorde med moppen førre veka, tok han dei om att utvendig i dag. Heilt på eige initiativ!
Eg kunne ikkje dy meg-men spurde om han tenkte på at før gjorde eg alle desse jobbane heilt åleine. Den tanken hadde ikkje streifa han! Men eg ser at sjølv om vi ikkje er så spreke som før nokon av oss, greier vi mykje med godt samarbeid.
Til middag i dag skal vi unne oss ein av livrettane våre:Pannekaker og steikt flesk(jamfør Kyndelsmess)-det er lenge sidan barnebarna har vore her!!!!

3 kommentarer:

arieldog sa...

Til helga har vi òg sol - i alle fall litt! Det er godt at det går mot lysare tider, men det kan bli mykje vinter enno!

Hildegard sa...

Vi er mørklagde endå, på meir enn ein måte, men kosar oss med veksande måne og Venus og stjerneklare kveldar.
Eidabesta

Besta sa...

Eg veit ikkje kva som gjer det, men Venus har vore uvanlig stor og strålande i vinter.Eg kunne spurt naboen, som er astronomi-ekspert, men han er på Gran Canaria.Men har ikkje Roger peiling?

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...