lørdag, februar 07, 2009

Morsdagsgåve.



I dag tok vi turen til El-kjøp i Ørsta. Der hadde dei fått inn nytt parti av walkmen, same sort som den svarte eg har frå før. Har ikkje vore 100% nøgd med den, så eg var i tvil om eg skulle kjøpe ein til. Etter litt diskusjon fram og tilbake med den unge jenta som ekspederte oss, vart det til at eg faktisk valde å satse på Mp3 spelar i staden. No ventar eg berre på at eg skal få besøk av ein eller annan som kan lære meg kunsten å legge over bøkene via data.Fann ut at eg kan like godt lære det først som sist; eg blir vel ikkje gløggare med åra? Nils insisterte på at eg skulle ha den i morsdagsgåve.Eg vel å ikkje pakke den ut med det første i tilfelle den ikkje blir godkjent.

7 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer! No kan du laste ned musikk som du likar også.
Har tenkt på dette eg òg, men får vente å sjå kor nøgd du blir.
Eidabesta

arieldog sa...

Men EG kunne tenkt meg ein tur på El-kjøp...

Besta sa...

Eg var inne på tanken om å dobbeltsikre meg........

solveig sa...

Gratulerer!
Det er ikkje same merke som eg har, men prinsippa er heilt sikkert dei same. Du må sikkert installere ein CD først, og så er det berre å rippe i veg.
Din er dobbelt så "stor" som min. Dufår 4-5 bøker inn på tippar eg!

Besta sa...

Eg vart litt betenkt, i og med at det står 8 timar på. Viss det er lengda på boka, så er no den ofte meir en 8 timar i opplesingstid.

solveig sa...

Står der ikkje 4 GB, min er 2 og eg får 2-3 bøker på . I tillegg kan ein ha liggande kun på datamaskina. Min har 16 timar batterivarigheit. Kanskje det er der dei 8 timane kjem inn?

arieldog sa...

Eg meiner framleis at discman er enklare, så lenge ein sit på buss eller liknande.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...