onsdag, mars 28, 2018

Dagbok 2018: 28.mars.



Klokka er 22.00, temperaturen er minus 3 grader C og det har vore strålande fint vêr i dag også.
Det er vel ingen som gleder seg veldig til å feire ein 78 -årsdag, det gjorde i alle fall ikkje eg. Men for ein gongs skuld gav eg (nesten) frå meg kommandoen og let neste generasjon ordne opp og planlegge. Eg bidrog kun med eit Visa-kort.
Og så blei det ein veldig fin dag. Alle barn, svigerbarn og barnebarn som var i nærleiken vart invitert til Pizza på Rosabella. Og det vart ein suksess. Etterpå var vi i Starevegen og drakk kaffi og åt is alle saman. Vi var ein bra flokk, og det blir litt meir rot og oppvask enn det eg har vore van med i seinare tid. Og flotte, fine gåver fekk eg av alle som var til stades, skal ikkje nemne nokon spesielt, berre takke! Det vart ein fin dag for meg, sjølv om ikkje Nils kunne vere i lag, og til tross for den vonde foten min. At her såg litt bomba ut i heimen viser berre at her var liv og røre. Takk til seremonimeister Rasmus og alle hjelparane, for ein fin dag.


På føremiddagen køyrde Rasmus meg ut til Nils, som framleis er sløv og sjuk. Han har lite krefter, men har ikkje så mykje smerter, smertene døyver dei med medisin-og takk for det. Legen var der også i dag og eg hadde ein litt lengre prat med henne. Eg spurde henne mellom anna kva ho meinte om å la dei små gutane besøke farfaren-og det meinte ho at dei kunne gjere. Eg spurde Nils om han ville at gutane skulle komme i dag og det ville han. Så eg ringde til Rasmus og heile familien kom og helste på Nils.  Eg trur det gjorde han godt. Håkon og Audun besøkte han etter at vi hadde vore på Rosabella. Eg var ikkje ut att i dag, litt rart for meg å halde meg borte, men eg trur ikkje han saknar med, han vil gjerne ha fred. Men han er alltid glad for å sjå barnebarna, spesielt. Eg har site og rekna på det og trur kanskje eg har feira alle fødselsdagar i lag med Nils sidan den gongen eg fylte 19 år. Eg kan hugse at det også var i påska og eg vart i Trovågen i påskehelga . Mi tilkomande svigermor laga bløtkake til meg, og seint på kvelden/natta gjekk Nils og eg opp på Dyngja, høgste "fjellet" i Trovågen. Det var måneskin og klårt og vi kunne sjå langt vestover i havet. Mange minne dukkar fram slike dagar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...