søndag, mars 11, 2018

Dagbok 2918: 11.mars

Klokka er no 22.30, temperaturen er minus 2 grader og det har vore lettskya og fint i dag også.
Eg kom nettopp inn døra, sat på med samme pleiaren i kveld som i går; Marit G køyrde meg ned på Heimen. Hadde bestilt skyss opp att også, men det blei avbestilling.
For å seie det som det er så går det fort nedover med Nils no. Det er vanskelegare for kvar dag å få kontakt med han, og vanskeleg å forstå kva han seier. Eg synest det har gått veldig fort nedover  siste tida. Det går ikkje an å ringe til han lenger, og heller ikkje gå på besøk. Eg spør kvar kveld om eg KAN gå heim, og no har eg sikra meg at eg får seng om eg må overnatte. Eg veit om pårørande som har overnatta i godstolane, men det har ikkje eg helse til.
Klokka vart to før eg la meg i går kveld, men vakna likevel klokka 8 med verk i heile kroppen. Det meste går over etter kvart, men kneet er like vondt. Det er ikkje noko å klage over , men det blir no ei ekstra belastning i den situasjonen vi har no.
Eg sat mykje i ro på føremiddagen i dag, reiste ut til Nils halv 4, og eg kjenner at kneet verker ikkje så mykje når eg held det i ro. Tenkte at viss Solveig kom innover i morgon, kunne vi fare på apoteket og få tak i "knestøtte".
Rasmus ringde heim i dag. Eg har sagt det til han at han må ringe meg, og ikkje Nils, det samme får eg seie til andre. I dag ringde Olaug på Nils sin telefon, men då var eg der og tok den. Slik er stoda no, og det er ikkje sjanse for at han blir noko betre, men så lenge han et litt og klarer å svelgje tablettane, så er det eit bra teikn, i følge sjukepleiaren. I dag låg han i ein døs då eg kom og lenge etterpå- og han hadde ikkje fått tablettar i dag-han fekk den første på tidleg kveldstid, så det er ikkje berre tablettane som sløvar han no lenger. Dei har lova at han ikkje skal ha det vondt -og det har han ikkje, men ein kan ikkje seie at han har det så godt heller. Det blir feil.
Eg har med meg lydbøker som eg høyrer på når eg sit der. Føler at eg gjer ein jobb likevel, for så slepp pleiarane å sjå til han så ofte. Men når eg skal hjelpe han med noko, t.d. å drikke så blir han lett irritert på meg- slik var han ikkje før.
Det er unntakstilstand her i heimen no.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...