lørdag, mars 10, 2018

Dagbok 2018: 10.mars

Klokka er no 22.35, temperaturen er minus 4 grader, men på dagtid var det varmt, særleg inne i huset der sola står på heile dagen.
Eg hadde ikkje bestilt meg henting i kveld, så eg tenkte eg like godt kunne sitte på med ein av pleiarane som slutta klokka 22, og sjå MGP på Heimen. Eg måtte gå nokre minutt før det endelege resultatet kom.Eg synest godt at Rebecca kunne ha vunne, men greit nok med Rybak.
Av alle GP-kveldar var denne den mest spesielle eg har overlevd. Nils sov heile tida, men eg hadde TV-en på (ikkje for høgt) og såg heile programmet. Han var våken nokre minutt no og då så eg spurde om det var greitt. Han er veldig slapp og sløv, men glimtar til innimellom. "Eg har ikkje avtalt med nokon om henting", sa eg for å prøve om han var "med".  "Då får du bestille Taxi", sa han. Seinare forklarte eg at eg skulle sitte på med pleiaren som bur i Olavsgata, og at eg ikkje kom til å vekke han før eg gjekk. Det var heilt i orden. Han bryr seg ikkje så mykje om at eg er der, han synest eg masar for mykje. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å vere der så lenge i dag, men så vart det slik.
Eg var ikkje sikker på kva land pleiaren kom frå, men det var Romania, og ho fortalde meg litt om livet sitt som ambulanse-sjukepleiar i fedrelandet. Dei er langt bak oss i utvikling.
Kneet mitt blir ikkje betre. Veldig irriterande at det skulle bli slik no, all vandring eg har meistra både denne vinteren og den førre, no er det ikkje sikkert at det blir så mykje meir vandring, men det er ikkje godt å seie.
På føremiddagen dreiv eg og rippa bøker og strikka litt, blant anna. Men så vart det kluss med "CD-buret" på maskina, så eg må vel bort på Lefdal og fikse det. Fekk ut plata som stod i.
Margrete og "ungane" kom i 14-tida. Eg hadde steikt sveler, det er det eg tyr til når eg ikkje har så mykje spennande i hus. Vi sat her eit par timar før vi alle for ut til Nils. Akkurat då vi kom var han litt vaken, og eg fekk lese opp helsinga frå Einar og fortalt litt om dei andre barnebarna.Men han ligg så mykje og søv og døser at det hender han har problem med å skilje kva han har høyrt og kva han har drøymt. Men som før sagt, det er viktig at han slepp å ha det vondt- og då må han ha medisin, rettare sagt smertelindring. Slik er det berre, same kor trasig det er.
No har eg diverse eg må gjere, og så må eg ha meg litt mat, og så får eg kanskje sjå litt TV (opptak frå i går)- natta er lang.
Gløymde visst å skrive "God helg" i går. Men det er no litt att av helga enno.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...