mandag, oktober 24, 2022

Dagbok 2022: 24.oktober

Klokka er no16,50,temperaturen er + 9 grader C, det har vore ein nydelig solrik dag, men no vil visst sola gå ned snart.

Dagen i dag begynte dårleg, eg vakna før klokka var 6 og verkte i heile kroppen. Eg var no liggande ei stund likevel for eg hadde ikkje så mykje å gjere så tidleg på dag. Etter at eg hadde ete frokost etc. laga eg ferdig brevet til legen min. Eg dusja og kledde skikkeleg på meg før eg tok bilen og køyrde ned på Legesenteret og leverte brevet. Eg har gjort det slik nokre gonger, så les legen brevet og ringer meg opp igjen. Det gjorde ho i dag også, men ville ha meg ned på kontoret i morgon klokka 14.20. 

Sidan er ikkje skulle handle i dag køyrde eg bortom gravplassen og såg etter  korleis stoda var. Dei fine, raude begoniane var berre nokre klyser,så det såg ikkje ut. Eg køyrde rett heim att og tok to lyngplantar som eg hadde på trappa og for fram att og planta dei. Eg fekk ikkje skylt steinen , for vatnet var stengt av for vinteren. Det var så fint der framme i dag, men samme kvar eg snudde meg så kom skuggen min på bildet, så eg måtte klippe bort mykje.

Eg har hatt kontakt med mange i dag , på Messenger og på telefon. Eg snakka med Bodil til dømes. Ho er heldig som har så mange rundt seg no i desse tider. Ho ringde for å sjekke noko som skulle vere med i det dei skulle seie om Svein.

Eg måtte no gjere litt til gagns også, så eg heiv ut alle golvteppa på soverommet og datarommet. Det var slikt eg ikkje kunne gjere så lenge der var stillas. Eg hadde tatt eit par Paracet så då greidde eg å jobbe litt-

Eg har hatt kontakt med Rasmus eit par gonger. Han har ordna det slik at han får reise heimanfrå om morgonen, og så undervise om kvelden herifrå. Eg ser fram til at han skal komme. Bodil vart også glad for at han ville komme i gravferda.

Eg hadde tenkt at Ragnhild skulle vere med meg for å kjøpe jakke/kåpre, men ho skulle ut og reise i dag, men Marit blir no med viss eg spør henne. Ein skulle ha klede til slike anledningar hengande. Det hadde eg før i tida.

I dag laga eg middag, det er lenge sidan sist, eg steikte pølse og tina grønsaker og dett var dett. Eg har ikkje tatt smertestillande sidan tidleg i dag, men no kjenner eg at det er eit behov for det. Eg har ein klesvask på gang også, men trommelen er ikkje tilkobla enno. Tenkte at Rasmus kunne gjere det når han kom. Så det blir vel utetørking denne gongen også-det har i grunnen vore heilt OK med slik tørk så lenge det ikkje er så kaldt og vått. Eg ser ikkje fram til vinter og snø og kulde. Ein ting er sikkert; komande vinter kan eg ikkje moke snø. DET har eg ikkje rygg til.

                   Ryddig på tunet no. Berre LITT material her.(Det er meir i garasjen)

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...