fredag, oktober 07, 2022

Dagbok 2022: 7.oktober


Klokka er no 16.53. Temperaturen er + 10 grader, det regnar og blæs av og til og stundom er sola framme.
 "Takmannen" har vore her nokre timar i dag også, han har mellom anna rydda opp på tunet, så no er her plass til bilar.

Eg har vore heime i dag, på føremiddagen tok eg fredagsvasken m.a. Så varma eg opp att suppe frå i går, så det vart middagen i dag også. Eg fyrte litt i omnen , sette på vaskemaskina etc. før eg fekk tatt ein tur på Vernet. Eg er litt streng med meg sjølv, men eg synest det er heit naudsynt å ta ein liten tur no når vi ikkje har trening.


Vatn i elva i dag igjen

No har eg hengt opp ein klesvask og lese avisa. Eg ventar på at Marit skal komme ned ein tur, når "Ungefolket" reiser på hytta.

No regnar og blæs det alvorleg ute, då eg gjekk tur var det nesten sol.

I dag stod TV-en på ei stund og då begynte dei å snakke om atomkrig. Då slo eg av og gjekk ut. Eg hugsar så godt  dei første åra etter krigen kor redd eg var for krig, og Stalin var den eg frykta mest. No kjenner eg på noko av det samme. Vi har hatt det trygt og godt i mange år-og så kjem dette. Putin er nesten verre enn Hitler var. Trur eg.

I morgon trur eg at eg må på ein liten handletur. Elles lurer eg på kven av barnebarna som kjem heim i haustferien og kva tid dei kjem. Eg ser på FB at Eirik skal vere med å synge på "Tredet". Tredet er ein kafe i Volda som før heitte "Det grøne treet". No er namnet forenkla.

Kvar fredag trur eg at det er laurdag- men det er ikkje for seint å ønske alle ei god helg !

(Eg er litt irritert for at eg ikkje får bearbeide bilda mine betre. Eg får ikkje "klipt" dei oppe og nede utan at dei blir smalare. Slik var det ikkje før.)

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...