torsdag, oktober 20, 2022

Dagbok 2022: 20.oktober

 


Klokka er no 16.35, temperaturen ute er + 7,5 grader C, det er fint ver, men det begynner å bli kaldt, i alle fall om natta. I dag måtte eg skrape is av frontruta på bilen. Solskin og fint no. Det var godt å stå opp til eit ferdig hus, sleppe alt rotet med bygningsmaterialar etc. Dvs. her er no mykje styr att, men det ligg no i ro. Eg hadde planen klar, så eg køyrde først  ned på kulturhuset og fekk influensavaksine, Coronavaksine fekk eg ikkje, fordi eg ikkje hadde påbod frå legen. 

Så køyrde eg rett bort på Vør og fekk kasta mange sekker med rusk og rask. Det var ikkje vanleg trafikk der no, eg var der faktisk åleine.

På heimvegen panta eg flasker og handla på KIWI. Eg hadde tenkt meg ein tur ned att i Vik på sikt, men då eg slo på PC-en fekk eg ei trist melding. Bror min som har vore på Haukeland til behandling, døde i natt. Eg kan ikkje seie at det var heilt uventa for meg, for eg visste no kor sjuk han var. Trist er det uansett. Det har vore mange meldingar, og så ringde kusina mi no på ettermiddagen. Vi var berre to søsken, og det var berre 1,5 år mellom oss , så i vår tidlegaste barndom var det vi to som leika med kvarandre. Eg har ikkje mange bilde av Svein, men på bildet over er han og familien på besøk i Starevegen. Svein sit heilt til venstre på bildet.

Svein var dårleg lenge før han kom seg til å søke lege, han var ikkje i strøk siste gongen han var her i vår. Men han skulle skifte dekk på bilen min, same korleis det var. No blir det ein annan som hjelper til med det. Det er alt avtalt. 

Det var mykje eg kunne ha gjort i dag, men ryggen min er ikkje god, så den må vel få kvile litt. Ikkje var eg i humør til å fare til Vik heller, så eg sette meg til og skulle sjå serien min på TV. Den er spansk og alle snakkar spansk, og no har eg ikkje nok spanskkunnskap til å forstå når dei snakkar vanleg fort.Eg klikka på alt som var å klikke på utan at eg fekk det til. Men ein ting kan eg-det er å søke hjelp der hjelpa er å finne. Eg sende ei melding til Helge, som kom og ordna opp. Då var eg komen ned i vaskekjellaren for å støvsuge. Der hadde Brubakk sett inn ny dør og ny dørstokk etc., det verste rotet hadde eg tatt i går.

Helge klikka litt her og der, og så var TV-en i orden, så no skal eg sette meg til å sjå. I dag hadde eg melk som eg måtte bruke opp, så då vart det risgraut. No skal eg koke meg ein kaffi kopp og slappe av. I morgon er det fredag igjen, fredagane kom ikkje ofte før i tida.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...