Ein gammal mann på 90 eller 93 år, vaknar ein morgon på aldersheimen der han bur, ganske sur og gretten som vanleg, heilt til sjukepleiaren minner han på at det er denne dagen han skal på sirkus.
Han har jobba på sirkus i fleire år i ungdommen, så dette gler han seg til. I løpet av dagen går tankane hans tilbake til 1920-30 åra i USA då han reiste rundt med såkalla togsirkus.Vi får høyre om dyra,sirkusfolka og det heile er som eit eventyr, men mykje dramatikk, og brutalitet både mot dyr og menneske.
I etterordet fortel forfattaren om korleis han har samla stoff til romanen ved å lese amerikansk sirkushistorie, og anekdotar om kjende sirkusmenneske og dyr.
Mi meining om boka er at det er god underhaldning, nærmast som eventyr. Om ein vil legge djupare meiningar inn i historia, kan ein sikkert det.
Det mest gripande for meg var å lese om den gamle Jakob. Av hans historie kan ein i alle fall lære at kvart menneske har si historie- ingen er berre GAMLE
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 18.september
Eg var ut på trappa og tok dette bildet. "Regnfulle dager fremover" stod der på PC-en min. Og eg tviler ikkje . Vi må ta det vi få...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar