fredag, november 06, 2009

Han såg ut på det bårute havet............

Vi har snakka om at vi skulle ha oss ein tur ut på Vigra no når tunnelane er gratis.Elles er det berre når ein skal på flyplassen ein tek den turen.Nils skulle grave i åkeren i dag, men jorda var frosen. Så kom han inn og spurde:" Skal vi fare til Vigra i dag?" -"Ja." sa eg, og så for vi.

                                                  Kyrkja på Vigra.

                                                Hamna på Roald.

                                                Hus på Molnes.
                            

                             

                                  Tettstaden Molnes

                           
                           
Utsikt over havet frå Molnes.Storholmen fyr til høgre på bildet, Erkna til venstre.

No er eg passelig glad i undersjøiske tunnelar, men alt blir ein vane. I dag vart det tre tunnelar kvar veg, sidan vi svippa ut til Godøya også.
I dag var ein slik dag då ein ønska seg skikkelig fotoutstyr og kunnskapar om å bruke det. Den låge novembersola over øyar og hav, var berre så utruleg flott! Eg har vore på Vigra på skuletur ein gong, men Nils har berre vore på flyplassen.For dei som ikkje er kjende, så er Vigra ei stor flat øy med gode beite for kyr og hestar, det blir drive mykje jordbruk der.
Vi stoppa på vestsida av øya, på Molnes, og såg vestover havet; og på Roald, som ligg på austsida, der båtane låg i hamn.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Det var eit lurt turmål ein slik dag, no når tunnelen er gratis og alt!

solveig sa...

Flott å sjå at Vigra er meir enn ein flyplass!

Besta sa...

Men at der er flyplass også vart vi minte om då vi plutselig såg eit fly rett framfor oss i "lav høyde"-for å seie det mildt.
Elles strevar eg litt med redigeringa av bloggen etter at eg skifta til nyaste versjonen.

solveig sa...

Eg liker betre oppdateringa. Då kjem bilda ovanfrå og nedover, eller der du vil ha dei. Elles kan du bestemme storleik på bilda etter kvart. Men eg får berre til å laste inn eitt bilde om gongen.

Besta sa...

Problemet mitt er at når innlegget kjem på bloggen, så er det ikkje slik som eg har "laga" det.

online generic propecia sa...

Really interesting picture thanks for sharing with us

Regards
cheapest generic viagra

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...