onsdag, november 04, 2009

Klippe, klippe, klippe.........



Sist mandag saga vi ned heile hekken mot naboen på eine sida, og fekk alt rasket levert på VØR. I går begynte vi på "hekken" mot naboen på nedsida.Dvs. det som ein gong var ein granhekk, men som etter kvart har blitt blanda med snøbærbuskar heilt utan menneskeleg hjelp.Sidan hekken no var blitt urimelig høg, måtte han klippast. Eg starta med snøbærbuskane som stod på vår tomt i går og fekk sendt eit par knippe med naboen som skulle på VØR med eige rusk. I dag starta vi opp igjen, denne gong utstyrt med både motorsag og kompostkvern.Det viste seg at mange av granene var fullstendig døde og måtte fjernast. Der var også mange halvdøde som fekk ei lita utsetjing.Og eg klipte og klipte...Kom i hug" Kjerringa mot straumen", eit namn som eg fekk av ein lærar på barneskulen. Han må ha vore framsynt! Klipping er mitt kjæraste hagearbeid!!! No ser hekken virkelig fryktelig ut! Men til trøst for naboane som er på Gran Canari, vil eg minne om at snøbærbuskane veks opp att som ugras til våren og skjuler det verste. Og så kan vi plante nye graner.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Det kan ikkje vere så stort behov for ein hekk den vegen, men den har gjeve ein del skugge til hagen. De er beundringsverdige, og det er så kjekt å lese om slike prosjekt!

Besta sa...

Straffa kom sist natt! Det verkte og verkte både her og der til tross for div.tablettar. Og når eg likevel låg med attletne auge og prøvde å sove, såg er berre føre meg greiner som skulle klippast eller sagast.Vi kjem nok til å sage ned fleire graner, men i dag lyt N. jobbe åleine ute med å male opp resten av greinene.

solveig sa...

Det er godt at vi får slike fine novemberdagar! Her vert det lite tid til rydding i hagen rett nok.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...