lørdag, november 14, 2009

Gratulerer med dagen!


I dag fyller Nils 73 år og bildet er tatt i høve dagen. Jakka han har på seg tvinga eg inn på han på handlerunden vår i går. Han ville heller hatt fiskeutstyr, men det lyt han kjøpe sjølv.Vi ser fram til å feire dagen når alle er friske og har høve til det.
Vi møtte folk vi kjende i dag,  som ikkje visste at det nærma seg fødselsdag, og så seier dei:"Du, Nils, blir berre yngre og yngre!" Ikkje alle som får slike kommentarar dagen før dei fyller 73.Vel unt! Eg kan berre gratulere den evig unge storfiskaren med dagen!

Som de ser er ikkje ein fødselsdag grunn god nok grunn til å sluntre unna fiskearbeidet.Her fileterer han med samekniven.Men i kveld blir det hjortegryte for to!

Days of vine and roses. Ein nabo var innom med gåve til fødselsdagsbarnet.Han er populær blant naboane fordi han er så hjelpsom, og fordi han skaffar fisk til mange.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulasjonar frå svoger og svigre i Alleen. Vi ynskjer dykk ein fin kveld! Det blir nok godstolen på oss også, men med noko enklare kost.

Elin sa...

Gratulerer med dagen, han held seg utruleg godt, er det pga. godt stell, skal tru? Og gode naboar?
Nyt kvelden!

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...