lørdag, november 23, 2024

Dagbok 2024: 23.november


Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av naboane hadde moka så fint til meg i går, men i dag var der ny forsyning med snø. Janne og Even ville hjelpe meg å moke, men eg sa at det var ikkje nøye med for eg skulle ikkje ut med bilen i dag.
Eg trudde kanskje at Solveig hadde tatt seg ein tur i dag, men så var ho opptatt på skulen med å bake lefser i lag med besteforeldre. Det er visst ein tradisjon der ute. Ja, eg ser ikkje på lefsebaking som eit must, eg har ikkje baka ei lefse i heile mitt lange liv. Men eg har ete mange gode lefser som andre har baka.
Eg hadde ingen plan for dagen og derfor vart lite og ingenting gjort, men det var greitt nok så lenge eg trudde det var søndag. Seinare fann eg ut at eg kunne pusse vindua på stova -på innsida. Eg vaska dei på utsida for eit par veker sidan, men fann ut at det ikkje var bra nok, så det må eg ta igjen. Vindua var skitne opå innsida også for vatnet vart heilt grått, og eg veit at det kjem av at eg er litt tøff når eg fyrer i omnen. Men så er no ein jobb unnagjort til jul.
Eg strikka litt også, eg fann litt garn i går som eg kunne bruke, og i morgon får eg vel  litt med Solveig . Ho får garnet att i form av lestar.

Men så måtte eg ha ein lufterunde, på med yttertøy og piggsko. Staven min fann eg ikkje; eg treng den når eg går llitt ustødig på piggane. Eg gjekk ut Starevegen og innover Olavsgata, men eg kjende meg ikkje att, for kvar var vegen som gjekk opp til Starevegen igjen? Eg såg meg rundt til alle kantar etter kvart som eg gjekk, og brått kjende eg meg att, eg var komen heilt til enden av Olavsgata, så eg måtte snu,-så snart eg såg ein veg som gjekk oppover tok eg den og gjekk mot vest, Så på venstre sida var det brått to hus som eg kjende att. Det var huset som Agnes og Svein hadde før, og huset nedanfor, og eg var redda, for no var det lett å finne vegen heim. I over 50 år har eg budd i Starevegen, og er stort sett kjend i nabolaget, men snøen og mørket kan forvirre ein.

Mange har pynta husa sine opp men lys og det er no fint, somme har veldig mykje lys

Her har dei ikkje spart på straumen-men fint er det.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.november

Klokka er no17.58, temperaturen ute er minus 1 grad, og eg trur det har slutta å snø. Men vi har fått mykje snø i løpet av dagen. Ein av nab...