I dag har det visst regna ein del, eg var så vidt ute på føremiddagen ei lita stund og rydda litt i hagen, men veret var vått og eg var låk i ryggen, så eg kom meg for inn att. Her inne har eg sete og strikka på ein lest nr.2 , men etter at den var nesten ferdig, rekte eg den opp igjen- den var ikkje slik den skulle vere-og no har eg jobb i morgon også. Eg trur ikkje eg får besøk då for familien min er på tur både her og der, og Solveig kjem på måndag for då skal eg til Ulsteinvik og få meg nye høyreapparat, eg har hatt mange slike, men ingen som eg har vore fornøgd med. No blir Solveig med meg, så ho kan forklare kor gale det er med mora.
Eg har hatt på TV-en i heile kveld, men eg synest ikkje der er noko kjekt å sjå- det var betre før i tida-etter min smak.Eg sit meir ved PC-en enn ved TV-en faktisk, for der finn eg no litt av interesse. Etter at eg har begynt å høyre på KØNTRI-får eg meir og meir av den sorten-og det er no kjekt av og til. Det har vore mykje Elvis i det siste, og det likar eg no.
Eg blir vel sittande å strikke i morgon også, eg kan gå litt tur om eg vil, men ikkje så langt,den ein foten plagar meg . Margrete og kompani har køyrt opp til Trondheim der Eirik bur og besøkt han og Nora, dei har det sikkert kjekt. Eg får vel eit referat når dei kjem heim.
No skal eg sjå om eg finn noko mat som eg har lyst på.
Eg skulle sagt GOD HELG i går-men så få eg seie den i dag litt på etterskot.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar