Nedanfor tilbygget har eg diverse klatreplantar , særleg Klematis. Dei har stort sett tatt kvelden no og slutta å blomstre. Berre ein av dei hadde funne vegen inn i tilbygget og stod der og skein, og eg kunne ikkje la vere å ta blomstrane med inn.
Klokka er no 20.10, temperaturen ute er+3 grader C og det er overskya-då eg stod opp i dag var det fin sol, men den vart borte. Men det er bra temperatur og ver for å vere så langt ut på hausten, eg trur graset veks enno,det er i alle fall ikkje lenge sidan eg såg ein sjølvgåande grasklippar i funksjon.Eg håper sjølvsagt på ein mild og snøfri vinter for min del, men då ville mange bli skuffa.
Eg har ikkje så mykje å skrive om i dag, for eg har vore her heime åleine heile dagen. Ikkje har eg gjort så mykje heller. Den lesten som eg rekte opp att fleire gonger, vart ferdig i går og no held eg på å lage ein til samme sort. Det går ikkje fort, men det gjer ingen ting.
På føremiddagen tenkte eg å få gjort litt nede i hagen, der var litt ruskete somme stader.. Eg tok på meg dei nye "gummistøvlane" eg slapp å ha lester på mef for støvlane hadde"ull"innvendig. Men det var ikkje så mykje eg fekk gjort likevel..
Eg har begynt på lest nummer 2, og den blir kanskje ferdig ein gong, den også.
Eg har ikkje snakka med ei levande sjel i heile dag, men eg har det bra på alle måtar og no skal eg snart lage meg kveldsmat.
Då eg stod opp i dag kom det fin sol men den vart vekke utpå dagen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar