lørdag, november 28, 2020
Dagbok 2020: 28.november
Klokka er no ca.21.30, temperaturen er + 6 graderC og det er opplett ute, det er så mørkt at eg ser ikkje korleis det elles er. Eg kom att frå hotellet for vel ein halvtime sidan. Vi var samla 12 personar frå pensjonistlaget, ikkje alle har gått på spanskkurset. Dei hadde dekka eit stort langt bord, så vi sat med god avstand til kvarandre, og vi prata stort sett med dei som sat nærmast. Maten var god, men store porsjonar var det ikkje. Eg trur at dei porsjonane som Margrete og eg fekk på Marias i Volda var dobbelt så store. Dessert fekk vi også, men ikkje kaffi før Eli spurde etter det-og då hadde vi ete opp desserten. Men alt i alt hadde vi ei kjekk stund. Eg gjekk på føtene både ned og oppatt, det var ikkje noko problem eigentleg, men det dumme var at eg hadde tatt på med støvlettar med hæl på så det vart litt vondt for knea mine.
Eg har ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, berre rydda litt i huset, vaska klede etc. Og så har eg halde på med litt spansk. Eg begynte tidleg å lage meg i stand til "festen"; dusja, vaska håret, filte neglene, lakka neglene, prøvde å få i stand ein frisyre etc.etc. Så har eg enno ein gong fått Storemaskkina til å virke.Fekk lagt inn bilde tidleg på dag, for sikkerheits skuld.( Bildet er tatt i dag, ca.kl.13.)Og no virka den enda den har vore av mens eg var vekke.Resten av kvelden skal eg kose meg åleine med TV-en . Ser fram til Lida Eides språksjov, det er ein favoritt.
For morgondagen har eg ingen planar, men eg finn sikkert på noko nyttig å gjere og morgon kan eg i alle fall tenne eit lys!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar