onsdag, november 04, 2020
Dagbok 2020: 4.november
Klokka er no 16.46, det er nesten mørkt ute og det har regna i heile dag. Temperaturen er + 6 grader og eg er frostig, men no har eg tent opp i omnen.I dag var det spansk-kurs igjen, vi skal halde fram ut november i første omgang. Det er ganske mykje å sette seg inn i ,og noko sit att, vil eg tru.
I går kveld sat eg og såg TV ganske lenge, men greiddde å legge meg å sove til vanleg tid. Stod ikkje opp før 8.30 i dag, men då var eg snar å sette på TV-en. Kom att frå kurset i 13.30 tida, handla litt på veg heim, og då var det på med TV-en igjen.
Men så tenkte eg å legge op buksa eg kjøpte sist fredag, så eg fann ei bukse same sorten, som eg hadde lagt opp før, og klipte av så mykje som den var for lang. Dvs. eg klipte feil bukse, så det var den gamle som vart enda kortare, mens den nye er like heil. Takk og pris for det, for dette var ikkje dagen for slikt arbeid. Til alt overmål hadde eg tatt fram symaskina, den tok eg faktisk fram tidlegare i sommar ein gong, og sydde på den.I dag skulle eg sette inn ein annan spole , men korleis var det no? Eg fann det ut til slutt, og greidde etter litt strev å træ maskina. Gudane må vite kor mange år det er sidan eg brukte symaskin. Då alt var i orden, skulle eg sy- men det vart ingen saum! Då gav eg meg på det. Eg ser det slik, at hjernen min er som ein harddisk som no er full. Derfor må ein slette litt av det gamle for å få plass til alt det nye som skal inn. Til eksempel må eg slette "symaskin" for å få plass til spanske gloser. Nok om det.
Til middag i dag vart det salat med apetinaost og brød. Og så kokte eg ei kanne kaffi før eg konsentrerte meg om valet i USA. Eg berre datt ned i stolen og begynte å følgje med, så det blir visst ikkje så mykje gjort i dag heller. Men eg kan no strikke om ikkje anna.Det er interessant å følge med på dette valet,det er harde tider i USA.
I morgon er det trening igjen, då blir eg ferdig med "pliktene" for denne veka.Får gjort for lite heime når eg skal ut og flakse om dagane.Og dagane er korte når det blir så tidleg mørkt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar