tirsdag, november 03, 2020
Dagbok 2020: 3.november
Klokka er no 15.50, temperaturen er + 8 graderC, og akkurat no regnar det ikkje, men det har vore regnbyer i heile dag. I dag tidleg regna det voldsomt, men brått skein sola gjennom regnet. Det var spesielt og eg prøvde å fange det i eit bilde, men det kom ikkje så tydeleg fram.
I dag vakna eg tidleg og kom meg med litt besvær fram or senga; eg såg på klokka, den var 5.Så det vart til at eg la meg nedpå eit par timar til. Treninga er klokka 11, så eg hadde god tid til å øve på spanskleksa før vi for. Det var Marit som køyrde i dag. Etter treninga var vi på ALTI. Begge hadde ærend på apoteket og på Europris. Eg hadde med meg mynt, såpass eg kunne ta ei handlevogn, for det var tunge ting eg skulle ha . For ein gongs skuld så gjekk det litt pengar i dag, enda alt er billeg der.
Trefte kjentfolk på ALTI i dag, blant anna ein gammal kollega som eg ikkje har sett på veldig lenge, og ein annan kollega som har dottera si i New York. Det vart prat om Trump der også, vi hadde hatt opp temaet på treninga og. Trump og Corona er vel det som vert mest diskutert for tida. Marit handla litt på Bunnpris, men eg fann ut at eg greidde meg med den maten eg har. Når vi kjem heim att til Starevegen har vi oftast ei pratestund i bilen, før vi går kvar til vårt. Så klokka nærma seg middagstid før eg var inne. Til middag blei det resten av suppa frå i går + ei brødskive.
Så vart det ei heil stund med avisa, og då var klokka så mykje at eg avlyste alle planar om å "gjere noko"i dag.. No har eg skaffa meg litt billeg garn på Europris, såpass eg kan strikke lestar og sjå på TV, men er trur ikkje eg bør sitte heile natta, eg kan ikkje gjere verken til eller frå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar