lørdag, november 07, 2020
Dagbok 2020: 7. november
Klokka er no 17.20, temperaturen er + 9 grader, det regnar og det er mørkt ute. I dag har eg hatt besøk av Einar, han skreiv på Messenger at han ville komme innover og skifte hjul på bilen min klokka 14.30, og skriv han 14.30, så kjem han då. Før han kom hadde eg vore ein liten tur på butikken og handla mat, så hadde eg laga ei suppe som etter kvart likna meir på ein lapskaus. Eg hadde i tillegg fått eit ekstra arbeid, fryseskapet i kjellaren var heilt nede-isa fordi døra ikkje hadde vore heilt igjen. Så gale har hendt før, men det var lenge sidag sist. Eg fekk redda mesteparten av varene over i Storefrysaren. Isen er ikkje borte enno, men den kan no få lov å tine i fred.Det positive var at eg oppdaga at eg hadde fleire kakerestar på lur.
Einar ville skifte hjul før vi åt. Han hadde problem med å løyse hjula fordi mutterane var hardt attskrudde. Einar lurte på om Svein hadde hatt maskinelt utstyr til å skrue med, men eg visste ikkje. Einar fann ut at han ville ned å kjøpe noko slikt. Han var ikkje lenge borte, og kom i heim med ein slags drill han hadde kjøpt på Clas, deretter gjekk det fort. Då eg såg kofferten til grillen, var det noko kjent med den, så eg trur Svein hadde samme sorten. Eg betalte drillen , så no kan alle i slekta komme hit og skifte hjul-om dei vil. Jekk hadde eg frå før.Så vart det tid for middag, kaffi og prat.Det er alltid kjekt å få besøk av Einar.
Eg har ikkje følgt så mykje med på nyheitene i dag, men eg får vel sjansen til oppdatering utover kvelden. Håper alle er friske og har det bra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar