søndag, november 15, 2020

Dagbok 2020: 15.november

Klokka er 15.12, temperaturen ute er + 14 grader, det har vore litt sol i dag, men no skyar det meir og meir over. Sola kom inn i huset her i halv ellevetida, så forsvann den bak Melshornet, men kom att i Os-skaret litt før klokka 14,kor lenge ho hadde tenkt å vere her, veit eg ikkje for det kom meir og meir skyer. Det er vel litt tidleg å oppsummere dagen, men skjer det noko meir kan eg skøyte på seinare. Det einaste eg hadde planlagt for dagen, var middagen.I går kveld la eg i vatn nokre bitar av lammeribba eg kjøpte på tilbod, eg ville sjekke om den var ok. Så i dag sette eg den på kok og plussa på med løk og guler erter som hadde stått i vatn over natta. Eg skrella og gjorde klart, før eg sette meg til med spansken min og diverse anna på data. Datamaskina er veldig god å ha når ein ikkje har altfor god hukommelse.Det er mange eksempel på det. I går var det ein melodi som gjekk på repeat oppe i hovudet mitt. Eg kunne ikkje hugse kva song det var, men etterkvart kom det fram ei linje "My masterpiece unsigned"-Søkte på den linja og fekk oppklart at det var Leonard Cohen sin "Came so far for beauty". Eg hadde ein heil L.C. konsert liggande på TV-en lenge. Den var med norske artistar, og mange av songane var omsette til norsk. Men denne vart sungen av Annli Drecker på engelsk. Så slapp eg å grunde meir på den tonen. Bodil ringde til meg i dag og vi prata lenge om laust og fast, kjekt å snakke saman på telefonen når vi ikkje kan møtast. Etterpå skar eg opp grønnsaker;gulrot,rabbe og potet, og hadde i suppa som fekk stå her åleine og koke mens eg gjekk ein tur på "Vernet". Eg har gått der nesten kvar dag denne veka, må nytte finevêret. Det var mykje folk der i dag og ein del som eg kjende. Og i dag gjekk eg opp trappa sjølv om rekkverket ikkje er heilt fedig. Gjorde som mange andre, gjekk siste biten ved sidan av trappa. Då eg kom heim var suppa mi nesten ferdig så eg slapp å vente lenge på maten. Suppa var god og det var ingen ting i vegen med lammekjøtet som var kjøpt på tilbod. No skal eg lage meg kaffi med noko attåt-trur eg. Eg lever godt!Og eg er glad for kvar dag utan snø og kulde. No er det berre ein i storfamilien som har fødselsdag i november, det er Erlend. Då han var liten feira han i lag med begge bestefedrane.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...