mandag, november 16, 2020
Dagbok 2020: 16.november
Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 10 grader og det har vore opplett i dag. I 10-tida på føremiddagen skein sola inn i stova, men før eg rakk å ta bilde, var der kome skyer framfor sola, og etterpå vart ho borte bake Melshornet, før ho kom att i 14-tida i Os-skaret. Då tok eg bilde.
I dag var eg rimeleg aktiv på føremiddagen. Rett etter frokost sette eg ein brøddeig sidan eg hadde nesten ein heil liter melk som gjekk ut på dato i dag. Sist eg baka brød vart dei heilt mislykka, og eg har enno att to av tre.Ein skulle ikkje tru at brød kunne bli så mislykka-eg har aldri opplevd det før. Dei eg bakte i dag var heilt OK.
Så ringde Eli, ho hadde snakka med Møre-Nytt og eg fekk "ordre" om å sende manus på nytt. Redaktøren og eg har truleg misforstått kvarandre.
Så no har eg sendt manuset på nytt, så kjem det vel i avisa til slutt. Eg hadde bestemt meg for å farge håret mitt i dag, og då eg hadde fått brøda i omnen kunne eg sette i gang med det prosjektet.Skal til frisør 22.desember,så dette vart berre litt oppshining-så lenge. Så stod neste programpost for tur. Eg måtte ned på ALTI og kjøpe litt meir garn, så eg får gjere ferdig lesten eg har begynt på. På heimvegen frå Vik stakk eg innom Kiwi og kjøpte tunge ting:t.d. mjøl og Coca Cola -det må eg ha i hus i tilfelle Amanda kjem på besøk, for ho drikk ikkje kaffi. Då klokka nærma seg 15, vart det middag; oppvarma suppe frå i går. Den smakte godt i dag også, men grønsakene blir litt blaute under oppvarming. Eg er ikkje kresen, så maten gjekk ned på høgkant. Eg sette meg inn i godstolen og såg/høyrde coronanytt frå Oslo. Eg hadde ikkje tenkt å gå tur i dag, men så tenkte eg at det kom sikkert regn snart, så eg måtte nytte høvet. Eg er ikkje god i knea, men eg veit ikkje kva som er best, trening eller avslapping. Det vart i alle fall ein runde på Vernet i skyminga. I dag var rekkverket ferdig og eg gjekk lett opp trappa.No kan eg også gå ned trappa og då kan eg gå motsett veg rundt.
Eg møtte ein nabo der oppe og han spurde om eg hadde telt trinna. Det hadde eg ikkje gjort i dag, men eg har talt to gonger før og fått 42. Han hadde fått 43-men kanskje dei har lagt til ein ekstra stein?
Dagane er korte og kveldane lange for tida, men alle priser det fine vêret vi har hatt no. I morgon skal eg på trening og onsdag på spansk. Vi har mykje lekse i spansk for tida, særleg når kurset gjekk ut førre veka. Mykje av leksa går ut på å høyre/ sjå på You tube, så det gjer eg i nesten alle pausar.Eigentleg skulle eg ha vaska/pussa vindu i dag, men eg kan no vente til nærmare jul.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 20.august
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 14 graderC og det regnar så smått. I går var det ganske fint ver, og eg fekk gjort mykje ute; i da...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar