torsdag, juni 29, 2023

Dagbok 2023:29.juni

 

Klokka er no 15.52, temperaturen ute er +22 grader C, det har vore overskya det meste av dagen, men ikkje regn. Regnet fekk vi sist natt såpass at vi slepp å vatne i dag, trur eg.

I dag var det siste treningsøkta før ferien. Det er litt godt å få meir tid til eigen disposisjon. Sjølv om vi trenar berre ein time går det tid til å gjere seg klar og så blir det kanskje ein tur på butikken etterpå. I dag måtte eg på ALTI for eg skulle ha tablettar på apoteket. Så kjøpte eg meg to par med hagehanskar på Clas og sitteputer til kjøkkenstolane på KID. Det eg gløymde var at eg skulle ha olje til altangolvet, så då blir det snart ein tur til. Mat kjøpte eg på KIWI på heimvegen.

Eg sende melding til Marit då eg kom heim og spurde om eg skulle komme opp, og det ville ho.Eg hadde no helsingar med frå mange på treninga blant anna. Det går relativt bra med foten hennar.

Eg hadde ete litt grønsaker før eg gjekk opp, så då eg kom heim att sette eg på vaskemaskina og gjekk tur på Vernet. Det tok litt tid i dag, for eg hadde kledd meg for varmt, så eg måtte kvile på nesten alle benkane. No har eg hatt meg ein kaffikopp med noko attåt, og så har eg hengt ut klesvasken. 

Dei to som var her i går fann eit par jordbær i åkeren min, og i dag fann eg også. Heile åkeren er berre rot og ikkje orden. På den andre åkeren som vi hadde jordbær på før, veks det ingen ting, men no lurer eg på å spade den opp og plante jordbær der også. Eg spadde den opp minst to gonger i fjor, men no ligg den heilt brakk. Eg har eigen- produsert jord som eg kan spe på med. Grunnen til at jordbæråkeren har fått dårleg stell er at ryggen min protesterer somme tider.


Alle tre bilda som eg legg ut i dag er tatt frå samme ståstad. Det som er øvst-nedover og dei to andre opp mot skogen. Der kan vi sjå at det kjem opp små tre over alt. Den raude steinen er raud fodi ein av bekkane som kjem ovanfrå  har mykje jern i vatnet, så det raude er rust, rett og slett..

 No skal eg ta på meg arbeidsantrekk og gå ut og jobbe.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...