onsdag, juni 21, 2023

Dagbok 2023: 21.juni


 Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 23 grader, det har stort sett vore overskya i dag,men det har vore opplett.

I dag hadde eg planane mine klar; I dag var det hagedag og ikkje noko anna.

I går hadde eg fått til å sette opp "grinda" til å samle gras i, eg hadde ei frå før også, der graset var blitt mold, så tømde eg 4 store sekkar med årets klipp. Sjå den fine greipa som eg kjøpte i fjor-då hagesesongen var over. I framgrunnen på bildet ser ein bringebæråkeren, der reinskar eg litt skvalder kvar dag, men no begynner grasfrøa å spire. 

Etter at eg hadde vrengt og spyla sekkane, gjekk eg over på jobb nr,2: Eføyveggen.

Dette er vestsida på huset. Ein gong i tida, bygde Nils eit tilbygg til huset, der vart ei bod under og altan oppå. Den vart bygd i Lecastein og då den var ferdig var ikkje Nils lysta på legge sementblanding oppå steinane. Men eg hadde ei løysing: Eføy.

Naboen hadde mykje av den sorten og dei var ikkje heime så eg forsynte meg rikeleg av sorten. Straffa vart at eføyen trivdest så altfor godt både på veggen ute og også inne. Kvart år står eg og prøver å rive vekk noko ute, og om hausten står eg i ei gardintrapp inne i buda  og prøver å rydde opp i lauv og greiner . I år begynte eg tidleg å sage ned dei tjukkaste greinene  og dermed hindre at dei fekk næring frå rota. Men sjå midt på veggen, der kjem det lauv på greinene likevel. Det er eit heilt arbeid å rydde opp her og det blir ikkje gjort grundig kvart år, men altså i dag.

Så vart det middagspause, eg hadde ikkje skikkeleg middag , men eg fekk i alle fall mat.

                     Så var det jobb nr. 3: Planting av Rhododendron
Mandag var Marit og eg på Plantasjen, og eg kjøpte ein Rhododendron på tilbod -350 kr. Då Rasmus var her i fjor sommar saga han ned ei stor gran,men rota stod att. Eg ville plante Rhododendronen attmed den rota. Eg grov store holer både her og der, men der var for mange røter att, men eg fann ein plass til slutt attmed muren til naboen.

Siste jobben i dag var å klippe graset attmed steinhellene og materialen. Eg kjøpte ny kantklippar i fjor, og naboen hjelpte meg å sette på sen. Han forklarte korleis eg skulle gjere det, men det var han som gjorde det, og eg hugsar ingen ting av det han sa, så i dag klipte eg graset her med ei vanleg kjøkkensaks. Det gjekk no bra det også.

No skal eg berre ut og rydde opp litt, så skal eg sjå nyheiter og strikke litt. I morgon er det trening. Eg har sløyfa turar på Vernet både i går og i dag,men eg har no hatt litt mosjon likevel. Eg har mange jobbar på vent, så eg slepp å kjede meg. Eg likar veldig godt å jobbe ute.
PS. Eg gløymde å seie at eg vatna heile tomta i dag også, men no regnar det.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...