fredag, mars 20, 2015

Dagbok 2015: 20.mars



Klokka er 19.00, temperaturen ute er+2 grader C. Vêret var både regnfullt og grått frå morgonen av, og det var lita von om å sjå solformørkinga.  
Utover ettermiddagen vart det berre finare og finare. No er det nesten heilt klårt, men sola har gått ned. Neste helg skal vi over på sommartid og det gler eg meg til.
Det første eg sette i gang med i dag var støvsuging, etterpå hadde vi tenkt oss til Vik og handle på rabattlappane våre. Men så fekk eg melding frå ei veninne som ville på kafe. Det ville eg også, men først måtte eg vaske håret og shine meg opp.
På Fugl Fønix, der vi skulle møtast, var det fullt, så vi forflytta oss over gata til Fru Svendsen. Der trefte vi ein felles ekskollega og mannen hennar og vi fire vart sittande i lag og prate. Som vanleg når så mykje gammalt folk kjem i lag blir det mykje prat om sjukdom, og i dag var ikkje eg "verst"- dvs.ikkje sjukast.
Mens eg var på kafe, var Nils på Bakkola og høyrde på ei dame frå Hareid som har skrive ei bok frå krigens dagar. Kan vere greitt at vi skiller lag av og til så har vi litt å fortelle kvarandre om.
Middag hadde vi nesten klar, eg kokte ris til ein gryterett som Nils hadde funne i frysaren.
Då vi såg ut vinduet etterpå, såg vi at det rauk veldig på andre sida av fjorden. Vi henta kikkerten og såg at det var eit hus som stod i brann. Ikkje kjekt for dei som opplever slikt.
Det vart ein lang pause på sofaen i dag, så no er vi godt rusta for Gullrekka. Ønsker alle ei flott helg, vêrmeldingane er gode, men det blir vel ikkje reprise på solformørkinga?

I dag fyller Ivar i Innvik 77 år og vi gratulerer!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...