torsdag, mars 19, 2015

Dagbok 2015: 19.mars

Klokka er 15.30, temperaturen er + 5 grader C og det regnar. Ja, eg kjende det på meg i går at noko var på veg. Eg reagerer på vått vêr.
Nils tok seg ein tur ned på kommunestyremøtet, det var spesielt ei sak han var spent på. Det er nokre år sidan han var med i kommunestyret no, men han er framleis med i styret for SV.
Eg er altså åleine heime, og har ei bok å høyre på. No er det "Marmor" av Toril Brekke. Vi hadde tidleg middag i dag, steikt sei.
Sidan eg ikkje var så god i hofta i dag, tenkte eg at det gjorde ikkje noko om eg vart enda litt verre. Så eg tok like godt og vaska ned badet. Eigentlig skulle eg berre ta vanleg vekesvask, men så vart det litt meir. Det er ikkje slik vask som eg dreiv med før, med klatring i trapper etc. No går det for seg med mopp på langt skaft, og det får vere greitt nok. Tok berre golvet på kjøkkenet. Somme som les bloggen min, påstår at eg vaskar mykje. Det gjer eg ikkje. Eg vaskar bad og kjøkken ein gong for veka, soverommet sjeldnare, og så støvsuger eg teppegolva ein gong i veka. Det er vel ikkje meir enn normalt? Men når ein fordeler det utover fleire dagar høyrest det kanskje mykje ut?

I dag er det bestemor Hilda sin fødselsdag; ho vart fødd i 1878. Litt rart å tenke på at ein har kjent folk som levde på 1800-talet. Hugsar bestemor sine fødselsdagar, då var vi samla på Hildegard, alle i familien som var i nærleiken den tida. Og bestemor fekk alltid sviblar, som lukta så godt. Bestemor levde til ho var 91 år gammal.

Bildet over er frå ein sommardag i hagen på Hildegard. Det er bestefar Eivind med tvillingane Kari Gunn og Helene Eva, Ellen Marie sit i midten, John Per på fanget til bestemor, og så er halve meg med lengst til høgre. Svein har sikkert hamna utanfor bildet. Men det er han som bur på Hildegard no.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...