onsdag, mars 18, 2015

Dagbok 2015: 18.mars

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 7 grader og i dag har det vore overskya. Merkar tydelig at eg har mindre energi dei dagane det ikkje er sol.Hadde ikkje noko anna på programmet i dag enn at eg skulle på biblioteket, men der opnar dei ikkje før klokka 12.00.
Men så var det ei veninne som ringde, og då var det heilt greitt å ha tid til ein lang prat.
Ettepå var vi både på bibliotek og apotek. Sidan apoteket er på Amfi, blei det ein tur dit. Andre ærend hadde vi ikkje der. Vi hadde ikkje lyst å fare rett heim, så det vart til at vi reiste til Volda og åt Kina-lunsj. Då vi kom heim måtte vi kvile litt, før vi drakk kaffi.
Eg hadde ein liter melk som var ute på dato, så eg laga ein brøddeig. Det går ein del brød for tida, så det er ikkje vekkasta å bake.
No skal eg rippe dei to bøkene eg fann i dag. Den eine er kjend, den heiter "Marmor" og er skriven av Toril Brekke.
Fekk lese ut "Fyrsten", men orka ikkje å skrive så mykje om den. Dei som er interesserte finn mykje stoff på nettet.
Eg har vore relativt smertefri nokre dagar no, men kjenner på meg at det er vêrbyte på gang. Elles håper eg alle har fått med seg reportasjen i Regionavisa i dag, der Svein journalist og Svein prest (han som konfirmerte Eirik) velsigna gamlegymnaset i Volda. Første året eg gjekk på lærarskulen budde eg i huset rett nedafor gamlegymnaset-då var det i bruk som skule.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...