tirsdag, mars 31, 2015

Dagbok 2015: 31.mars

Klokka er 16.30. Temperaturen er ca +7 grader C, det er skya og litt vind, men ikkje nedbør.I dag har Nils stort sett halde seg i garasjen, mens eg har vore innomhus. Slik er det ofte her i garden, vi trakkar ikkje så mykje i føtene på kvarandre.
I dag hadde Nils ein stor fiskefangst å ta seg av, han hadde sløgt i går, men så var det filetering av mange store langer. Ikkje blå- men kvitlange. Har er ferdig med dei største no, men har nokre halvstore att. Men filetere det kan han. På Raudeberg arbeidde han ei tid på eit fiskemottak, der han fileterte fisk, eller har han no styrt med fisk heile sitt liv. Eg vil berre gjere merksam på at det ikkje er eg som har ansvaret for å rydde i garasjen. Det er hans domene.


Eg vaska mykje klede i går, så i dag har eg lagt i hop klede og stroke det som strykast skulle. Eg er så gammaldags at eg stryk putevar og dynetrekk-om dei ikkje er av krepp. Elles var det nokre dukar etc. Eg likar å stryke, for då kan eg ha lydbok på øyret; i dag vart de Paasilinna. Merkeleg nok vart eg sliten i ryggen av strykinga-men slik er det berre.
Eg steikte småsei til middag og det var godt med litt skikkelig mat igjen, det har gått litt på halv åtte no nokre dagar. Og så somna eg sjølvsagt på sofaen etterpå.
Eg har ikkje vore til Vik sidan torsdag, så i morgon må vi handle litt til helga, trur ikkje vi treng så mykje.
I dag fyller Audny 50 år. Ho er eldste dottera til bror min. Ho feirar dagen på Kanariøyane.Vi gratulerer henne med dagen.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Litt av ein fangst og salta lange er vel livretten din, Olaug? Ønskjer deg og Nils ei riktig god påske! Vi held oss heime og passar Viktor. Ikkje triveleg å reise på hytta når det er så kaldt.

Besta sa...

Ja, eg er glad i lange, men mykje av fangsten hamnar vel på Hareid sidan gutane var med og drog. Forstår at de held dykk heime og held varmen der. Solveig, Margrete Nils og eg skal til Hardbakke og feire Anne Marie den 11.april.Ho fyller 80 den 12. Vi skal ligge to netter på hotell.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...