Klokka er 18.00, temperaturen er + 7 grader C, og det har skya over. Tidlegare i dag har det vore sol og fint. Eg hadde meg ei stund på solsenga på altanen.
Nils for tidleg på sjøen i dag for å sette liner. No er han ute og dreg. Håkon og Audun skulle komme til Eiksund og gå ombord der for å hjelpe til med draginga.
Eg nytta finevêret til å bytte på sengane, lufte sengetøyet og vaske soverommet. Og sidan eg hadde så "godt vann" vaska eg dei andre golva også. Elles har vaskemaskina gått i eitt, og eg har hengt opp kleda ute. No håper eg berre at det held seg opplett ei lita stund til, så eg får tørre dynetrekk.
Elles har eg gått med ei bok på øyret mykje av dagen, og er endelig ferdig med ei bok eg aldri skulle begynt på.
Hadde meg ein prat med naboane og eine dottera deira, ho bur i Oslo så det er ikkje ofte eg ser henne
Dei små påskeliljene dukkar opp overalt i hagen no, men som de ser er ikkje dette beddet så velstelt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 15.juli
Klokka er no 20.35, temperaturen ute er +29 grader C, og det har vore sol og fint i heile dag. Eg stod opp grytidleg , som vanleg, men la m...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Vi har rydda litt i hagen i dag. ein får nytte det gode veret.
Legg inn en kommentar