onsdag, april 01, 2015

Dagbok 2015: 1.april


Klokka er 17.00, temperaturen ute er 2-3 grader C og snøen lavar ned.
Eg sa det i går kveld til Nils:" I morgon vaknar vi til kvite marker". Eg kjende det på gikta. Men så gale har hendt før. Her i Ørsta snakkar dei om noko som heiter "ridene"-det er vårlege snøfall oppkalla etter flyttfuglane. Den siste er "erlerida"- men vi er vel ikkje komne til den enno.
I dag måtte eg vaske håret og pusse meg opp litt før vi for til Vik. Der var fullt med folk på Amfi, og vi trefte mange kjende. Kjekt med ein slik møteplass der det er både varmt og tørt. Det var ikkje så mykje vi trong, men begge hadde vi ærend på apoteket. Kjøpte litt mat og så kjøpte Nils ein kjøleboks til bilen. Vi må ruste oss til langtur utan for mange stopp.
Då vi kom heim tok vi ein kopp kaffi og ei brødskive, seinare skal vi ha kokt lange til sein middag.
Nils måtte i eit hastemøte i dag, det galdt SV-lista til kommunevalet. Og no er han av garde igjen-denne gongen for å kvitte ei kasse med fiskeslog.
I fjor påske var vi på Kongsberg og sat ute i solveggen, mens Nils og Wenche bygde leikeapparat. Rasmus gjekk enno på krykker då. For oss pensjonistar betyr ikkje påskevêret så mykje, vi kan nyte dei fine dagane som kjem, men for folk med "ferie" hadde det vore kjekt med nokre fine dagar. Håper alle kosar seg i påska anten ute eller inne.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...