søndag, mars 15, 2015

Dagbok 2015: 15.mars



Klokka er 18.00. Temperaturen på baksida av huset er + 7 grader C og vi har hatt enda ein nydelig dag, med sol frå klår himmel.
Eg har prøvd å vere mest mulig ute. Før middag var eg med Nils ut på Rjåneset og såg etter båten og gjekk litt tur i nærområdet til hamna. Hadde med fotoapparat og såg blant anna etter teikn på vår.
Då vi kom heim sette eg meg opp til Marit på ein benk i solveggen, og der sat eg til Nils ropte at han hadde laga middag. Eg visste ikkje kva han hadde funne i frysaren, men gjetta på julepølser -og det stemte. Med ribbefeitt, rabbe og mandelpoteter vart det reine julestemninga.
Så la eg meg ut på altanen i sola, med teppe dyne og lydbok- og der vart eg liggande nesten utan avbrot til sola stod så lågt på himmelen at rekkverket laga skugge.
Ser at mange fer til fjells i finevêret, på ski. Skulle ønske eg var sprek nok, men hadde ikkje valt snø og fjell uansett. Uansett form, så er det i alle fall godt å vere ute i sol og frisk luft, det har vore mykje innevêr denne vinteren.




2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vakkert ver og fine bilder. Flott ved sjøen når det vårast og det er vindstille. Magisk med dei snøkledde fjella. Om hausten er det fjellet som er finast med vakre haustfargar.

Besta sa...

Eg likar meg alltid best ved sjøen, men som du seier, om hausten er fjellet vakkert. Vi køyrde gamle Strynefjellsvegen ein haust i den aller finaste tida.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...