mandag, mars 16, 2015

Dagbok 2015: 16.mars


Klokka er 19.15, temperaturen er + 6 grader C, det er overskya, men opplett.Sola var framme stundesvis tidlegare i dag, men det strålande vêret vi har hatt siste dagane, er det visst slutt på. Dessverre.
Nils var vekk då eg stod opp i dag, men eg rekna med at han var ute og fiska, og det stemte. Det vart ingen storfangst i dag heller, det var det eg vil kalle småsei. Men det er godt det også. No har vi nettopp ete kokt småsei til sein middag.
Eg har vore litt tutlete i dag. Baka litt f.m., både kake og brød, elles har det vore litt klesvask etc.
Midt på dagen oppdaga eg at Nils var vekk og eg ante ikkje kvar han var. Langt om lenge kom han heim att, då hadde han vore på vedaskog. Ja, han hadde snakka om at han skulle stad og rydde opp att etter seg, men eg hadde ikkje fått med meg at det var i dag. Han er litt hyper.
Margrete var innom ein snartur mens Amanda var på ballett og drakk ein kaffikopp i lag med oss.Kjekt når ho stikk innom. No skal vi ha kaffi igjen, det er litt for seint å sove middag-fersk fisk er sovemedisin, så vi må ha litt motgift.
Bildet over tok eg klokka 18.30, derfor er det litt mørkt. Fotoapparatet svikta tidlegare i dag, men kom seg då eg ladda opp batteriet. Bildet av vedkløyvaren er tatt med mobil.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...