torsdag, mars 26, 2015

Dagbok 2015: 26.mars


KLokka er no 19.00. Det er lettskya og opplett ute, men temperaturen er berre + 2 grader C.
I dag før middag henta Nils heim veden han saga i går. Som de ser er det or, men om den har litt mindre brennverdi enn bjørka, så er det mykje mindre arbeid med den. Bjørkene der inne som han vedar er dessutan rotne i midten. Ein annan fordel med or, er at den ikkje svertar så mykje på glaset i omnen som det bjørka gjer.
Viss de studerer bildet, vil de sjå at Nils har konstruert ein smart sagkrakk der han legg alle dei tynne lengdene og sagar dei i eitt jafs. Eg er ganske lei meg fordi eg ikkje er i form til å vere med på veding, for det er noko av det kjekkaste arbeid eg veit. I fjor gjorde eg ein bra jobb ved vedkløyvaren; ikkje slik no.
Men eg fekk i alle fall støvsuga alle teppegolva, det er også eit nødvendig arbeid.
Etterpå var vi ein tur nedover og handla, og ein tur innom biblioteket.
Til middag i dag hadde vi fiskekaker, siste rest av den "eldste" porsjonen.
No er Nils på nominasjonsmøte i SV, eg har nytta åleinetida til å rydde kjøkkenet, og til å lese ut boka mi.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...