mandag, september 15, 2008

Hausten 1949.




Har site og rota og leita gjennom gamle bilde igjen, og då finn eg alltid eit kvart som vekkjer gamle minne.
I åra 1948-53 budde vi i ei av dei tre offisersbrakkene på Plassen.I ei anna budde Anne-Lise, klasseveninna mi, og familien hennar. Den tredje brakka vart brukt av det militære når det var repetisjonsøvingar på Eid.
Ein gong budde der ein som heitte Mikkeltvet og var frå Evanger ved Voss . Han hadde med seg kona si og den vesle dottera Inger Marie. Eg vart fast barnepike for henne og hadde kontakt med familien i fleire år etterpå. Dei fekk seinare ein gut som heitte Knut Norvald.Det er ikkje mange bilde eg har av meg sjølv som 9-åring, så eg set pris på desse. Hugsar godt skjørtet som eg hadde på meg, lyseblått med kvite prikkar. Og så hadde eg datidens motefrisyre, ei flette på kvar side som var bundne saman med ei sløyfe oppå hovudet.Eg trur ikkje eg var spesielt pynta; vi gjekk kledde slik til kvardags den gongen. Vi kan sjå brakka der vi budde i bakgrunnen, den var finare måla og oppussa enn dei andre. Pappa hadde også køyrt til mold og gjødsel og laga hage midt i sandørkenen. Utanfor glasa på den sida vi ikkje seg, hadde han sett opp grønmåla blomsterkassar der han kvart år sådde blomkarse.Kanskje det er derfor eg er så glad i dei blomstrane?

4 kommentarer:

solveig sa...

Artig å sjå!
Eg synest vindauga i bakgrunnen liknar på kjøkenvindauga dykkar. Det er ikkje sikkert det berre er blomkarsane...

Besta sa...

Vindua i brakka var nok meir småruta, men det er sikkert noko som har lagt i undermedvitet. Dei åra vi budde på Plassen, var dei kjekkaste åra i barndommen.Snakk om å ha leikeplass. Ikkje berre det innegjerda området, men heile Malakoff.Og kort veg til det meste.

Hildegard sa...

Koseleg bilde og historie. Besten set stor pris på denne mimringa di, så dette må du halde fram med.
Eidabesta

Besta sa...

Det er slik at gamle bilde set ein på sporet etter små historier. Eg begynte ein gong å skrive på memoarane mine..... no blir det berre små glimt på bloggen.Solveig har også oppfordra meg til å halde fram med det. Viss eg skriv noko som ikkje stemmer, er det berre for besten å korrigere. Ein hugsar ikkje alltid likt.Eg ser at "vedahuset" som pappa bygde på austsida av brakka,ikkje er oppkomen på dette tidspunktet.Elles har eg ei oppgåve til Besten:Teikne eller måle brakka frå inngangssida. Eg har ikkje eit einaste bilde av heile huset.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...