tirsdag, september 16, 2008

Gratulerer med dagen!


I dag fyller kusina mi, Ellen Marie, 70 år. Det er ikkje til å tru! At tida går altfor fort er vel noko som dei fleste oppdagar etter kvart som dei blir eldre.
Far min og mora hennar var søsken. Ellen Marie voks opp på Eid og vi var mykje i lag heilt til ho flytta i 1956.Den siste tida dei var på Eid budde dei på Hildegard i 2. etasje hos bestemor og bestefar. Eg beundra henne veldig;ho var to skuleår eldre enn eg og altså MYKJE eldre- den gongen.
Det året EM var ferdig på realskulen, flytta familien til Sørumsand. EM vart att på Eid ei stund etter at dei andre var reiste, for å gjere ferdig eksamen.
Eg hugsar at EM hadde ein grønnrusskjole i stoff som ikkje skulle strykast, men så hadde bestemor stroke den likevel og EM kunne ikkje ha den på festen samme kveld. Men ho tok det veldig pent. Det hadde ikkje vore EG!!!
Men slik var ho og slik er ho!
EM visste heile tida kva ho ville bli, nemlig sjukepleiar, og det vart ho. Ikkje utan ein viss motstand frå fleire kantar.Sist eg snakka med henne var ho framleis i arbeid, noko som eg ser på som ein indikasjon på at ho elskar arbeidet sitt.
Vi har ikkje hatt altfor mykje kontakt i seinare år, men no håper eg at ho snart får orden på dataen sin, slik at vi kan kommunisere litt meir.
Vi ønsker henne til lykke med dagen og håper ho får mange gode år framover!!

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg vart litt nysgjerrig på kvifor ein ikkje ville at ho skulle bli sjukepleiar. Var ikkje det eit flott yrke? Kva var betre?

Besta sa...

Eg er ikkje sikker på kva grunnane var.Men eg veit at ho hadde litt problem med å komme inn på studiet fordi ho var liten av vekst. Dessutan trur eg ikkje utdanninga hadde så høg status då som no.Men eg veit at EM hadde eit oppriktig ønske om å hjelpe dei sjuke. Og ho har stått på.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...