lørdag, september 20, 2008

Helsing frå Kongsberg

Vi kom hit torsdag ettermiddag. Reiste over Hemsedalsfjellet, der det var kome fine haustfargar. Vi hadde fint ver, men ikkje sol.Turen gikk veldig raskt og fint; fine vegar og lite trafikk. Vi såg ein reinsdyrflokk på fjellet. Lenger nede i dalen såg eg to gonger "gule" sauer, noko som var nytt for meg. Då den eine reiste seg opp, forstod eg at det var ein lama.Ålreite dyr det også. Tenkjer mest på ulla......
I går hadde Rasmus undervisningsfri, så han var heime, og Vebjørn fekk vere heime frå barnehagen. Rasmus nytta høvet til å gå til frisør med han.Elles åt vi, prata og såg TV. Veret var overskya med litt regn.
I dag skin sola, så vi finn kanskje på noko. Reknar med at det kan bli bra temperaturar utover dagen.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at de er på tur. Hels Rasmus m/familie. Vi køyrde over Sogn/Gol både fram og tilbake frå Drammen, raskaste veg, litt dyrt med ferger og bompengar, men kan ikkje reikne på det så sjeldan som vi fer på tur. Kom heim i natt 01.30.
Eidabesta

solveig sa...

Hels frå oss også! Takk for frukt!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...