onsdag, september 24, 2008

Kongsberggutane alias Kongsbergtigerane.







Det er ikkje lett å foto-grafere ungar som stort sett er i aktivitet.
Men ein prøver no i alle fall.For dei som ikkje ser gutane så ofte, kan eg fortelje at Eivind no er blitt skulegut og går i 1.klasse på Wennersborg skole. Vebjørn er to år og går i barnehagen.Begge diggar Queen, særleg Vebjørn som går rundt med ein DVD i handa det meste av dagen.Han snakkar ikkje så mykje enno, men har i alle fall lært seg:Disk is dirty ! Og så må faren vaske plata.
Eivind er spesielt interessert i himmelrommet for tida.Så begge har felles interesser med farmora og vi har mykje å snakke om.
PS: Eg plar fortelje Eivind om Hareidsulvane når han ikkje vil ete. Så fann vi ut at dei andre barnebarna også måtte ha namn. "Bjørnaset-bjørnane " gav seg sjølv- og så vart vi altså samde om Kongsbergtigerane. Veit ikkje om vi var inspirert av genseren til Eivind, eller....?

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Koselege bilder og fine gutar. Artig med ungane mens dei er små og pratar om alt. Når dei blir eldre, er dei meir "tilknappa" dessverre, men det er vel livets gang? Trur forresten jentene er litt meir "opne". Har mange koselege pratar med heste-jentene endå. Eidabesta

Besta sa...

Der er eg heilt samd med deg!Men eg trur nok gutane "kjem att" når dei blir litt eldre.Og så er det sjølvsagt individuelle skilnader.God helg, forresten!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...