lørdag, september 27, 2008

Eid sundagsskule 1946.


Dette bildet er teke utanfor kyrkja, men sundags-skulen heldt vanlegvis til på bedehuset Betania kvar sundag klokka 10.Søster Åse som står bakerst til venstre var ei kjær søndagsskulelærarinne.
For å dokumentere frammøtet hadde vi stjernekort, der vi fekk stempla stjerner kvar gong. Tiande kvar stjerne var gullstjerne. Nesten alle gjekk på sundagsskulen og der trefte vi også borna som gjekk på Skipenes skule. Det var dei som budde på hi sida av elva som gjekk der.Eg hugsar spesielt to nydelige lyskrølla jenter frå Os. Kvar gong vi song "Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn" måtte eg sjå på dei. Namna var Jorunn og Kari, og då går det vel eit lys opp for nokre av dykk. Eg kjenner nesten alle på bildet. Dei største gutane sit fremst, så kjem dei yngste på første benk.Der sit Svein og eg som nummer tre og fire.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Koseleg bilete! Du meiner vel 3 og 4? De er bra like dykk sjølve.

Besta sa...

Det meinte eg sjølvsagt.Merkelig, men det er faktisk ikkje så vanskelig å kjenne att folk på barndomsbilde. Det artige med dette bildet er at dei fleste ungane som budde på Eid i dette tidsrommet er med på bildet.Og det er slik eg kjenner dei. Ikkje sikkert eg ville kjent dei om eg trefte dei i dag.

Hildegard sa...

Artig mimring. På Stårheim hadde vi søndagsskule i bedehuset (Samlingsheimen). Marie Starheim (Stena-marie) var lærar første åra. Same opplegg som eidarane hadde. Har dessverre ikkje foto. Rart at vi ungane stod opp tidleg søndag morgon for å gå på søndagsskule! Vi gjekk vel anna kvar dag på vanleg skule - og så hadde vi ikkje TV og data å bruke tida på.
Eidabesta

Besta sa...

Nei, vi hadde vel ikkje så mykje å bruke fritida til; ikkje så mange organiserte aktivitetar. Sjølv om eg i tillegg til sundagsskule gikk på losjen, turn(gym) YAP, arbeidsstove og speider.Men eg tenkjer på kor mykje gratisarbeid som vart lagt ned i desse aktivitetane av vaksne, som ikkje hadde 5 øre for jobben.Det står det respekt av!Foreldra derimot, slapp lett unna. DEi vart ikkje innblanda i fritidsaktivitetane våre.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...