onsdag, september 24, 2008

Vintergrønt.


Det dabbar sakte men sikker av med blomster-vekster i hagen.
Då synest eg det er godt å ha noko som held seg grønt heile vinteren.Denne buska heiter Laurbærhegg og har blanke grøne blad heile året. Om våren har den kvite blomster, men i år har det vore ein nokså spesiell sommar, så no blomstrar den for andre gong i år.Så spørs det til våren? Vi har ei anna vintergrøn buske som også plar blomstre tidleg på våren; i fjor blomstra den to gonger, men i år har den ikkje blomstra enno. Imidlertid står den full av knoppar NO. Er det noko som er i utakt i naturen eller er dette eit vanleg fenomen? Har forresten vore ute og ete gule bringebær frå dei nye skudda som skulle bære neste sommar.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Litt vemodig med hausten. Vi har hatt oss ein tur med hageavfall, mest nedfallsfrukt som det vart mykje av i år. Når blada er vekk skal vi ta ei skikkeleg "reverens" på frukttrea! Når det gjeld vintergrønt, har vi granhekken som må ha seg ein klypp av og til for ikkje å kome heilt ut av kontroll.
Kanskje vi må satse meir på vintergrøne prydtre etter kvart og kutte ut frukttrea, men dei er så fine om våren når dei blomstrar. Eidabesta

Besta sa...

Frukttre er nydelige om våren, og gode å ete av om hausten. Solveig var innom i gårkveld og fekk med seg resten av plommene. Nedfallsepla køyrde vi gjennom juspressa og kokte til saft i lag med rips.Vi har no tid å pusle med slikt. Luking av blomsterbed funkar ikkje så godt.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...