tirsdag, september 23, 2008

Siste stopp på vegen heim.




I fjor kjøpte vi mandel-poteter i Skjåk. Hos Ola Sylfest Ødegård som bur rett ovanfor Nordberg kirke. Nok til oss to for heile vinteren. Vi var veldig godt nøgde med dei, derfor stoppa vi i dag også og kjøpte nokre sekker. Ein sekk ville vi forære familien på Bjørnaset, men då vi kom dit, var det berre ein heime og det var hesten Gnir.
Men om litt dukka nr.3 opp i lag med ei veninne. Bianca fekk vi berre sjå gjennom vinduet.
Den minste sekken inneheld noko som heiter baby-mandel og skal brukast til det som på svensk heiter "klyftad potatis".(Eg har berre ete det på restaurant i Mora.) Altså:Dei skal delast i to(uskrella) og steikast i steikomn med salt og krydder. Dei er visstnok veldig dyre-i Oslo.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Velkomne heim - og takk for potatisen! Vi glær oss!

arieldog sa...

Trur eg vil blande klyftad potatis med olivenolje, krydder og salt i ein plastpose. Timian er eit godt krydder til poteter, synest eg.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...