tirsdag, september 23, 2008

Gamle Strynefjellsvegen.











Vi har aldri fått sett fjellet i si finaste drakt. Anten har det vore for tidleg på sommaren, det har vore for seint på hausten, vinter eller regn osb.

I dag var det perfekt. Sola skein, lufta var klar og himmelen blå. Lauvet hang enno på trea og var i alle dei nydeligaste fargar. Det går ikkje an å beskrive, berre oppleve. Vi er ikkje flinke fotografar og ikkje har vi spesielt gode kamera, men eg skal legge inn nokre av bilda likevel. Mi beste tilråding er:Reis og sjå sjølve viss de kan.

Det var Eidabesta som skrytte slik av denne vegen og lokka oss til å prøve turen! Takk for det! Sjølve vegen er ikkje så MYKJE betre enn han var, men med liten bil gikk det bra. Vi har ikkje kjørt denne vegen over 20 år, trur eg, og ingen av oss hugsa korleis der såg ut.

3 kommentarer:

solveig sa...

Der er sikkert lite trafikk? Eg hugsa for eit stort framsteg det var med tunnelane. No synest eg dei er fæle. Med god tid, må det vere flott å sjå natur i staden.

Hildegard sa...

Fine haustfargar, fekk nesten lyst på ein tur til. Det var no litt fint over Gol også, og fargane var fine i Stigedalen sist søndag.
Godt at det gjekk fint på turen.
Eidabesta

Besta sa...

Det var ikkje berre vakkert over Strynefjellet. I dag var det EVENTYRLEG. Skulle vore flinkare å fotografere og hatt ein heil dag der oppe.Viss du dobbeltklikkar på bilda får du eit betre inntrykk. Trur dette må ha vore den ultimate dagen denne hausten.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...