tirsdag, september 23, 2008

Halve Norge og litt av Sverige.


Ja, slik følest det i alle fall. Vi har kjørt og kjørt og sett mykje, mest gjennom bilvinduet. Vi skulle liksom ta ein omveg heim att, ein liten tur innom Sverige for eksempel -og slik vart det. Men ikkje akkurat slik som vi hadde tenkt; det blir det aldri! Starta frå Kongsber i 1/2 10-tida om morgonen og SUSA gjennom Kongsberg, Hokksund,Drammen og Oslo.
Obs! Der fekk vi sjå eit glimt av Operaen! Obs! Der var vi forbi Stockholmskiltet. Ja,ja, det går vel fleire vegar til Sverige? Gjennom Lillestrøm i same farten -der har eg aldri vore før- og så er vi plutselig i Fetsund.Så roar det seg litt og det positive er at vi er på ein veg vi ikkje har kjørt før-mot Bjørkelangen. Det negative er at skodda ikkje lettar, tvert imot blir det berre meir og meir grått.Vi køyrer gjennom typisk "elglandskap" med stille tjern,glissen furuskog og altså skodde. Nydelig på sin måte, men ikkje egna til fotografering gjennom bilvindu. Hilde, du skulle ha vore der!Etter kvart gikk det opp for oss at vi kom til å ende opp i Charlottenberg i år også.Og slik gikk det.
Då var vi alt uthungra og kjøpte oss lunsj på Thons hotell, før vi hamstra litt mat på kjøpesenteret. Så snudde vi heim att. Kva anna kan ein gjere når skodda er grauttjukk og ein har bilen full av kjøt?

3 kommentarer:

solveig sa...

Her kjenner vi oss att! Øystein kan ikkje forlate landet utan å bruke opp kvar ei krone! Eg prøver å orde frampå om at vi sikkert skal til Sverige neste år, så slapp av! Fordelen her er, at når det er slutt på svenske, tek dei norske!

Hildegard sa...

Litt av ein tur, jammen er de tøffe som torer å køyre gjennom Oslo! Eidabesta

Besta sa...

Turen "gjennom" Oslo gjekk for det meste UNDER. Vi fylgde berre straumen.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...