tirsdag, september 30, 2008

Bonus-dag.

Best som vi trudde at det var slutt på alt som heitte sol og fint ver, fekk vi denne uventa fineversdagen. Slike dagar går under namnet Bonusdagar her i familien. Eg var på trening frå 9-10, og etter at eg hadde slappa av litt, fann eg ut vi måtte gjere noko nyttig! Og kva er meir nyttig enn å nyte bonusdagen?
Eg har så mange gonger hatt lyst fram i Romedalen, ein dal som tek av til venstre frå Follestaddalen, og der eg har gått mange gonger, både på skuletur og i lag med Nils. Det er ein lang og ganske flat dal, berre litt stigning til å begynne med. Å gå den turen er ikkje å tenkje på, men for den beskjedne sum av 35 kr kan ein køyre heile dalen med bil, fram til Steinestølen.Det har vi aldri gjort før i dag.Vegen er smal og kronglete, men tek ein tida til hjelp er det mykje som går. Eg var lykkelig over å få komme dit igjen og sjå att dei kjende stadane.Fjella var utruleg vakre med eit lite melisdryss. Vi passerte rett forbi den kjende Kolåstinden t.d. Vi har alltid kartet av Sunnmørsalpane med oss i bilen, slik at vi kan orientere oss.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg sat og såg ut då eg var på jobb i dag og tenkte at det er galskap å sitje inne i fineveret. I fjor møddest eg med at eg hadde mykje undervisning på "nedre bygg" ("handelsskulen"), men i år set eg pris på den vesle turen mellom bygga.

solveig sa...

Ja, no må ein berre nyte kvar dag! Det har ikkje vore så fint sidan 97! I morgon er det oktober, og vi har så vidt fått merke litt hauststemning. Eg skal gå min faste tysdagstur rundt vatnet!

Hildegard sa...

Godt at det er bygt litt køyrbare skogsvegar for oss pensjonistane. Såg ut til å vere ein nydeleg tur.
Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...