torsdag, juni 23, 2022

Dagbok 2022: 23.juni -Jonsokaftan

Der er store bregner i begge åkrane. Den eine tok eg opp med rota i fjor, utan at det hjelpte.

 Klokka er no17.55, temperaturen ute er faktisk + 21 grader, men det kjennest ikkje så varmt ut på grunn av at det blæs. Tidleg på dagen regna det litt. 

I dag måtte eg fare åleine på trening, for Marit var ikkje i form. Etter treninga var eg ein tur bort i banken for å få litt hjelp igjen. I dag trefte eg på ei veldig hyggelig dame, men då vi skulle sette oss inn på eit rom med PC, sat han der, han som eg snakka med sist. Vi hadde det riktig hyggelig, men eg veit ikkje om vi løyste gåta. Det vil tida vise.

Eg måtte innom KIWI i dag også for det var eit par småting eg mangla. Då eg kom heim var eg så svolten at eg måtte lage meg litt mat, eg var oppe minst ein time tidlegare enn vanleg i dag.

Eg hadde klart for meg kva eg skulle jobbe med i dag. For eit par dagar sidan spadde eg opp "jordbæråker" nr. 2 -der veks det ingen ting i år. Før har der vore litt poteter. Eg reiv vekk alle jordbærplantane eit år, men i eine "åkeren" har eg sett nye plantar. Plantane er store og friske, men dei står ikkje så fint på rad. Før hadde vi plast på jordbæråkrane, den reiv eg også vekk. Eg hadde spadd opp den tome  åkeren, vendt om på "torva". I dag prøvde eg å jamne meir ut og få bort ugraset. Eg stelte åkeren i fjor haust, men det vart for lenge før eg fekk tatt den i år. Å drive på med slikt tek tid når ein er låk i rygg og hofte og må kvile ofte. Men eg vart no på ein måte ferdig. Eg veit enno ikkje kva eg skal bruke åkeren til, men eg vil i alle fall ikkje ha meir plen. Eg såg at der var jordbær på plantane mine, men langt frå store og langt frå raude. Eg kan hugse eitt år då vi åt jordbær på Øystein sin fødselsdag. Elles forbind eg jordbær med mamma sin bursdag.

Etter at eg hadde fått åkeren sånn nokonlude klipte eg graset rundt begge åkrane, med hand-saks. Eg har store planar om å kjøpe kantklipper, men det vart ikkje i dag heller

Elles så mødest eg med diverse, med å kople meg til Netflix, blant anna. Men det er ikkje så farleg, for eg har mykje anna eg kan sjå på. Så er bilde-behandlings-programmet mitt på PC-en omkalfatra, så eg får ikkje lage bilda slik eg vil ha dei. Og det eine med det andre.......

Naboane mine er aktive. Ein som er 84 år går og trakkar oppe på taket sitt, slik han gjer kvart år. No er vi slutta å snakke til han. Når han absolutt må gå slik-får han ta følgene. Eg høyrer at naboen på austsida klipper plen, det skal ikkje eg gjere før neste veke. 

Det er mykje som blomstrar etter kvart og ugraset trivst godt. Men det er veldig kjekt for meg å halde å med "skikkeleg" arbeid ute. Eg trur ikkje det blir tur på Vernet i dag heller, eg har no vore på trening -og arbeidd i hagen, så det får vere nok.

Det skulle vere jonsokfeiring på Aktivitetsenteret (Bakk-Ola) for eldre, med rømmegraut ogunderhaldning, men det var vel tidleg på dag. Eg følte ikkje for å gå dit uansett. Det er mange herrens år sidan eg feira jonsok, men eg trur dei skulle ha noko på den gamle uteplassen inst i Olavsgata, der vi heldt til i gamle dagar.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...