lørdag, februar 11, 2023

Dagbok 2023: 11.februar


Klokka er no 17.20. Temperaturen ute er  +5  grader C, og nesten all snøen som var her i går er borte, men no står det på skjermen min at det skal bli "temperaturfall", det tyder kanskje at det som er regn no, skal gå over i snø.

Det har vore veldig skiftande ver denne vinteren. Det var dei finaste dagane då det var snø og kaldt- men SOL om dagen.

Denne dagen har gått veldig fort. Eg stod opp i bra skikkeleg tid i dag, og etter frokosten greidde eg å fullføre sudokuen, som eg måtte legge vekk i går kveld. Så no kan eg framleis seie at eg har løyst alle sudokuane i Møre-Nytt.

Eg fekk melding frå Einar i går om at han ville ta seg ein tur innover i dag, så då ville eg lage middag til oss to, som så mange gonger før. Eg likar å lage mat når det er fleire enn eg sjølv som skal ete den. Eg kom på at eg hadde ein pakke med svinekotelettar nede i frysaren, dei hadde lagt der lenge nok. Men i fall dei ikkje var så gode, så tok eg opp kjøttkaker også. Eg skrella poteter og laga saus etc. før eg tok ein tur på butikken og handla det eg mangla. Eg treng vel ikkje å seie at eg har mat eit par dagar fram i tid.

Einar kom som avtalt, og med ein stor plastpose med garn frå Solveig. Ho kjøper garn på nettet og det er mykje billegare enn det eg kjøper på butikkane. Eg veit ikkje kva ho har tenkt, men eg trur ho vil at eg skal strikke meir lestar. Eg brukar å seie at lestane kjem til å vare lenger enn eg sjølv. Men då er det  godt for meg at dei slepp å fryse, men kan sende varme tankar til ei gammal bestemor. No held eg enno på med det andre paret som eg strikkar av garn som Margrete kom med førre laurdagen.

Denne helga skulle vi eigentleg ha feira morsdag, men det kom noko i vegen, så det vart utsett ei veke, då kan vi få med oss Ingeborg også, for ho kjem ein tur heim.

Eg fekk Einar til å hjelpe meg med å skifte pose i støvsugaren, det gjekk ikkje an å støvsuge med breddfull pose, men i morgon eller på mandag kan eg trå til. Der eg sit og strikkar, ser eg at der ligg små ulldottar på teppet. 

Marit er komen heim att frå ferietur til Nordfjord, så no passar ho katten sjølv. Even har vore her med nye 5 sekker ved, og eg har vippsa pengar til han. Eg varskuar når eg begynne på nest siste sekken , så kjem han med meir , ber det inn i garasjen, så der kan eg hente det. Eg slepp å ha stort lager-for då måtte eg ha hatt det i tilbygget. No skal eg snart sette på TV-en, for ein gongs skuld har eg ikkje høyrt nyheiter i dag.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...