torsdag, januar 14, 2021
Dagbok 2021: 14.januar
Klokka er no 16.00, temperaturen ute er minus 8 grader C, to grader "varmare" enn i dag morgon. Det er utruleg fint ute, med fin, kvit snø, sol i fjella og i det heile tatt nydeleg. Bortsett frå temperaturen- etter min smak er det altfor kaldt, enda eg hugsar godt vintrar med dobbelt så mange kuldegrader I dag har eg ikkje vore ute og moka såpass eg har fått tempen opp. Men får eg moke - abstinens, så har eg ein heil altan som burde tømmast.Der er 30-40cm snø på heile altanflata. Slik var det for eit par år sidan også, då brukte eg fleire dagar på å tømme altanen for snø. Tungt var det og, sidan eg måtte hive snøen over rekkverket. Men i dag har eg ikkje overanstrengt meg på nokon måte. Mykje av føremiddagen sat eg og las ut ei bok-ei lydbok, sat og la kabal på data mens eg høyrde, det hjelper på konsentrasjonen å ha noko å fingre med. Til vanleg strikkar eg når eg les lydbøker. Innimellom rakk eg å shine og vaske kjøkken og bad-fredagsvask kallar eg det, uansett dag. Til middag i dag laga eg grønsaksuppe med pølsebitar, det smakte godt på ein kald dag. No har eg fyrt i omnen, i tillegg til at eg har på varmepumpa + ein liten vifteomn. Det er så husekaldt her når det ikkje er folk som varmar opp i kjellaren, men så lenge eg har ved får eg opp tempen. Her på datarommet mitt har eg ein laus elektrisk omn som varmar bra, derfor held eg meg mykje her på føremiddagane viss eg ikkje er ute. Det frydar meg å sjå at dagane vert stadig lenger og lysare.Lurer på om eg skal ta ein tur til Vik i morgon, eg begynner å gå tom for blant anna frukt og grønsaker, elles har eg rikeleg av alt. No skal eg strikke ferdig den nye erma på kofta mi, i staden for å bøte eit stort hol, klipte eg av erma og strikkar nytt. Hadde rikeleg garn att, så eg kunne gjere det slik.
I dag fyller "tantebarnet" mitt, Roar 53 år. Han er sonen til Nils sin bror Rolf.Han har overtatt Nils sin barndomsheim i Trovågen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar